Verdidebatt

Nedlegginga av presteutdanninga ved UiT – kyrkja har òg eit ansvar

UTDANNING: Den norske kyrkja medverkar sjølv til å uthole profesjonsutdanninga i teologi ved å tillate alternative vegar til presteteneste. Konsekvensane av dei endra kompetansekrava er ei svekking og nedvurdering av teologien.

UiT Norges arktiske universitet har vedteke å leggje ned det integrerte teologistudiet, det vil si at både bachelor- og masterprogrammet i teologi blir borte. Dermed står Nord-Noreg igjen utan ei heilskapleg presteutdanning. Studiet som vart bygd opp på 1990-talet i Tromsø var viktig for kyrkja i den nordlege landsdelen, og det representerte òg ei fagleg nyvinning i norsk samanheng ved å kombinere teologi og religionsvitskap. At dette tilbodet no blir borte i landsdelen, er det all grunn til å seie seg lei for.

.Privat

Må adressere «elefanten i rommet»

Det viktigaste grunnen til nedlegginga av dette studiet er svak rekruttering. Ikkje minst må dette vere eit tankekors for kyrkja, som slit med prestemangel mange stader – også i nord. Her må ein tørre å adressere «elefanten i rommet». Sidan studiet ved UiT vart oppretta, har Den norske kyrkja endra kompetansekrava for å bli ordinert til prest. Desse er tilpassa dei som ønskjer ein «second career» som prest. Denne ordninga, som er over tjue år gammal, vart justert i 2021. Det er mogleg å bli prest viss ein er over 35 år og har ei anna relevant utdanning på masternivå i botnen. Ved å ta 120 studiepoeng i teologiske fag (tidlegare var det krav om berre 90 studiepoeng) og praktisk teologiske fag i tillegg, blir ein ordinabel.

Dei som blir rekrutterte gjennom denne ordninga, får dessutan dei same vilkåra som dei som har gjennomført ei profesjonsutdanning. Dette strider mot eit kvart rettferdskrav. Det må lønne seg å ta ei full utdanning!

Dessutan vidarefører kyrkja den såkalla «profetvegen», som er for personar med særskilte føresetnader for presteteneste ut over det vanlege, og der det ligg føre «særlege kyrkjelege behov». I aukande grad synest denne sidevegen til prestetenesta å ha vorte nytta for å bøte på prestemangel, noko det i si tid uttrykkeleg vart understreka ikkje skulle vere eit motiv for å innføre ordninga. Det grunnleggjande problemet med denne alternative vegen til presteyrket er at kyrkja som arbeidsgivar tillet ei ordning der ein gjennom vedtak i ei nemnd vel å sjå heilt bort dei vanlege kvalifikasjonskrava som gjeld for profesjonen. Det einaste formelle kravet som må oppfyllast – i tillegg til at kandidaten må vere fylt 40 år – er eit års praktisk-teologisk utdanning. Kandidatar i denne alternative ordninga kan elles ikkje søkje sjølv, men må bli søkt for av biskopen. Det er ikkje vanskeleg å sjå at dette kan leggje til rette for «trynefaktor». Dei som blir rekrutterte gjennom denne ordninga, får dessutan dei same vilkåra som dei som har gjennomført ei profesjonsutdanning. Dette strider mot eit kvart rettferdskrav. Det må lønne seg å ta ei full utdanning!

Ei svekking og nedvurdering av teologien som fag

Slik medverkar kyrkja sjølv til å uthole profesjonsutdanninga i teologi ved å tillate alternative vegar til presteteneste. Konsekvensane av dei endra kompetansekrava er ei svekking – og nedvurdering – av teologien som fag og som kvalifikasjon for dei som skal vere prestar i Den norske kyrkja. Særordningar tener til å svekkje motivasjonen for å gå i gang med eit integrert profesjonsstudium, som kyrkjeleiinga rett nok seier – i alle fall i festtalar – at framleis skal vere hovudvegen til prestetenesta. Men i praksis inneber kompetansekrava som kyrkjemøtet har vedteke at profesjonsutdanninga i teologi blir utsett for press. Det er rimeleg å rekne med at dette er eit forhold som har slått negativt ut for rekrutteringa til studiet i Tromsø. Vi ser jo at fleire utdanningsinstitusjonar no slit med på fylle studieplassane til profesjonsutdanninga i teologi. For meg synest det klart av kyrkja sjølv må bere sin del av ansvaret for at ei heilskapleg presteutdanning ikkje lenger blir vurdert som liv laga ved UiT. Det gjer det heile dobbelt trist.

I praksis inneber kompetansekrava som kyrkjemøtet har vedteke at profesjonsutdanninga i teologi blir utsett for press. Det er rimeleg å rekne med at dette er eit forhold som har slått negativt ut for rekrutteringa til studiet i Tromsø

No vil det framleis vere mogleg å ta einskildemne ved UiT som vil kunne vere med å gi grunnlag for ordinasjon til prest. Men dette vil vere eit langt dårlegare ordning enn ei integrert profesjonsutdanning.

Kyrkja treng teologien og teologisk godt skolerte prestar. Frå kyrkjeleg hald må ein innsjå behovet for å slutte opp om profesjonsutdanninga i teologi – i staden for å satse på kortsiktige løysingar for å avhjelpe rekrutteringsutfordringar.


Vårt Land anbefaler

Mer fra: Verdidebatt