Verdidebatt

Ny konservativ samlivslinje eller teologisk transitt?

SAMLIVSETIKK: Når Hegstad og Hegertun set fram truskap som eit moment som trumfar det truskapen retter seg mot, bør dei erfarne teologane innsjå at dei tek avgjerande steg bort frå Bibelens definisjon av ekteskapet.

Harald Hegstad tek sikte på å gi eit samla svar til dei som har kommentert (og kritisert) MF-professorens snuoperasjon i synet på samliv. Hegstads linje, slik som også pinse-nestor Terje Hegertuns, vert sagt å representera noko nytt og annleis, gjerne kalla ein mellomposisjon med konservativt tilsnitt. Begge insisterer på at dei framleis er på ei konservativ linje i synet på samliv. Utanfrå minner det om ein teologisk transitt, ein mellomposisjon forstått som ein stopp på vegen mot alminneleg liberalteologi.

Men heller ikkje Hegstad eller Hegertun står heilt fritt til sjølv å definera eigen posisjon, her må jo det faktiske innhaldet avgjera. Når dei begge no set fram truskap som eit moment som trumfar det truskapen retter seg mot, bør dei erfarne teologane innsjå at dei tek avgjerande steg bort frå Bibelens definisjon av ekteskapet. Hegertun hevdar at avisa Dagen er uærbødig i karakteristikken av det han vurderer som «et faglig grundig teologisk arbeid». Men skuldar vi først og fremst å vera ærbødige overfor teologien som fag? Mange opplever at fagteologien tek oss bort frå ei grunnleggande kristen tenking kring kjønn og samliv, kanskje det er grunnen til at den ærbødige mottakinga uteblir?

Sofie Braut, spaltist i Vårt Land og tidligere medlem i Stavanger bispedømmeråd. Her fotografert i hjemmet sitt like utenfor Bryne i Rogaland.

Både Hegertun og Hegstads lære set mennesket i sentrum, og sjølv om det er lett å sjå deira mange gode intensjonar, lengtar mange framleis etter ein teologi med Gud som omdreiingspunkt. Eit viktig poeng hos Harald Hegstad er at vi i eit moderne samfunn må akseptera at «enkeltbud i gitte tilfeller må settes til side dersom de kommer i konflikt med kjærlighetsbudet og hensynet til menneskets beste». Det han dermed seier er at motsetnadane i Bibelen er så store at han ikkje eigentleg talar heilskapleg. Det er det mange som har sagt før han. Å framstilla Bibelen som motsetnadsfylt og usamanhengande er jo svært vanleg i vår tid; det er lite nytt med ein slik posisjon.

Eitt av Bibelens mest grunnleggande motiv

Hegstad peikar på at «den bibelske etikk ikke er en samling av enkeltbud som står på lik linje». Her er det lett å seia seg einig. At det på denne bakgrunn er mogleg å oversjå eitt av Bibelens mest grunnleggande motiv, nemleg den store, djupt meiningsspekka forteljinga om særstillinga for ekteskapet mellom mann og kvinne, er ufatteleg. Dette er ei framstilling med djup faktisk meining, i tillegg til djup symbolikk, og noko som Bibelen nøstar ut for oss som ein raud tråd frå skapinga sin morgon heilt til det store bryllaupet ved inngangen til den nye himmelen og nye jorda. Hos Hegstad synest desse svimlande samanhengane lettvint kokt ned til «enkeltbud» som no altså må setjast til side til fordel for eit meir inkluderande og funksjonelt samlivsideal.

For mange i dag, betyr det å halda seg til Bibelen, nettopp ikkje å ha høve til å gøyma seg, men å bli eksponerte og forfølgde. Dermed kan vi vel like godt snu på det, og seia at den mest påfallande teologiske gøymeleiken i dag, dreier seg om å tilpassa liv og ideal i Guds rike til det som er akseptabelt i verda elles?

For ein bibellesar blir dette berre nok eit døme på at omsynet til akademisk teologi speler bibelsk sanning og samanheng ut over sidelinja. Eit anna moment vert også ståande heilt utan svar hos Hegstad, nemleg følgjande: Kva er det som har gjort at «enkeltbud kommer i konflikt med kjærlighetsbudet»? Hegstad held berre fram som eit imperativ at vi må tilpassa oss det som no er situasjonen, som om vi alle har vakna frå ein djup svevn, og at spørsmåla om kva som har ført oss hit er irrelevante. Uttrykket frå overskrifta, det å «gjemme seg bak Bibelen» er dessutan eit mildt sagt interessant omgrep. Særleg om vi løfter blikket. For mange i dag, betyr det å halda seg til Bibelen, nettopp ikkje å ha høve til å gøyma seg, men å bli eksponerte og forfølgde. Dermed kan vi vel like godt snu på det, og seia at den mest påfallande teologiske gøymeleiken i dag, dreier seg om å tilpassa liv og ideal i Guds rike til det som er akseptabelt i verda elles? Eg blir også interessert i å utfordra Hegstad vidare på kva uttrykket hans betyr, slik eigentleg. At nokon av oss skulle ha interesse av å plaga andre, og så skylda på Bibelen? Ei slik tåkelegging av andre sine motiv ropar på nærare forklaring.

Ein teologi fattig på referansar til det bibelske ideuniverset

Å halda fast på det bibelske ekteskapet som ei pakt mellom ein mann og ei kvinne, og at omgrepet «truskap» først og fremst gir meining når det er knytt til denne pakta som Gud har innsett, handlar nettopp om det gode livet. Når ideane om det gode livet blir henta frå kjelder utanfor seg sjølv, ser ein ikkje på mennesket som øvste autoritet. Vi får ikkje alltid noko svar på kvifor vi ikkje kan følgja alle draumane våre eller leva slik vi lystar til ei kvar tid. Men trua på at Guds ordning er god, gjer at ein heller vil innretta seg etter den, og halda den for å vera sann og rett.

Den gjennomgåande funksjonelle tendensen som gjennomsyrer Hegstads nye vurderingar knytt til ekteskapet er noko av det som overraskar mest. Bibelske djupdykk knytt til kropp, kjønn og meininga med ekteskapet er bytt ut med noko som liknar kost/nytte-kalkylar over kva som er til skade og kva som er til nytte. Det er viktige moment, for all del, men som teologi, er det påfallande fattig på referansar til det rikhaldige bibelske ideuniverset.

At Jesus i det heile problematiserer noko som i vår tid vil passera som ein ufarleg dagdraum, blir absurd om ein tek utgangspunkt i eit sosialreformatorisk syndsomgrep som det Hegstad presenterer

For meg, vert Hegstads utlegging av syndsomgrepet det som røper mest om ei stor teologisk forflytting. «I en bibelsk etikk er syndige handlinger noe som får skadelige konsekvenser som kan erfares», skriv Hegstad. Tidlegare i artikkelen peikar han fram mot same poeng: «Å kalle noe for synd som ikke kan framvise noen av de kjennetegn som synd ellers har [«nedbrytende» og «skadelig»], er etter mitt skjønn ikke teologisk holdbart». Hegstad er i det heile oppteken av å få fram at det er «påviselige skadevirkninger» som er avgjer kva som er synd. Men korleis passar Hegstads definisjon med Jesu ord om for eksempel ekteskapsbrot, som dreier seg om noko så tilsynelatande uskuldig som at ein mann ser med begjær på ei anna kvinne?

At Jesus i det heile problematiserer noko som i vår tid vil passera som ein ufarleg dagdraum, blir absurd om ein tek utgangspunkt i eit sosialreformatorisk syndsomgrep som det Hegstad presenterer. Synd i Bibelen er definitivt noko som kan øydelegga forholdet til nesten min, men stikk det ikkje også langt djupare? Eit opprør mot Gud kan utspela seg innan fromme og funksjonelle ytre rammer, heilt utan at nesten min tek nokon skade, og utan at det set noko merkbart hakk i min eigen velordna kvardagsagenda. I Johannesevangeliet miner Jesus om eit kjernepunkt for all synd, nemleg at mennesket ikkje trur på han, eit punkt som i første omgang har få følbare konsekvensar for dei rundt meg. Det er realiteten for alle som møter Jesu ord om ein usynleg men heilt reell orden: «Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.»

Teksten har tidligere vært publisert i Dagen

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt