Verdidebatt

Vårt Land, er det ikkje rett å vere sannferdig?

GRUNNRENTESKATT: Ein av føresetnadane for at det skal gå godt i havbruket er at det lukkast i første leddet.

Som lesar av Vårt Land sidan eg byrja å interessere meg for nyhende på barneskulen, har eg lært ein ting. Å seie sanninga er ofte det beste. I dag opna eg mi trufaste avis på frukostbordet og får slengt i andletet at arbeidet eg gjer er «ureieleg og uverdig». Då kan eg ikkje anna enn å ta pennen fatt.

Øyvind André Haram, kommunikasjonssjef Sjømat Norge

Eg har vore interessert i sjømat og særleg havbruk i meir enn 20 år. I mange samfunn langs kysten er det eit vere eller ikkje vere. Det er navet som bind saman og skaper rettmessig, slik Vårt Land skriv, enorme ringverknader.

Gode føresetnader gjer meir investering

Ein av føresetnadane for at det skal gå godt er at det lukkast i første leddet. Fisken i sjøen skal ha det godt, vekse og så ende på eit slakteri, der me som driv i denne næringa, ønskjer at vi skal utnytte fisken så godt det let seg gjere. Med andre ord, vi ønskjer å lage filet, lakseburgarar eller røykelaks i staden for å berre legge det i ei kasse og drive slik meiraktivitet i utlandet. Er det og gode marginar i første leddet, kan det investerast i meir, gjere rom for nye selskap som kan produsere ny industri osv.

Alle desse anlegga langs kysten som gjer noko meir med fisken, er stort sett avhengige av langtidskontraktar. Daglegvarebransjen i Europa krev dette for å vite kva prisen er over lang tid. Denne prisen har ein fast pris og er ikkje flytande. Når så dagens regjering ønskjer å skattlegge havbruksnæringa, har dei derimot kome opp med ein modell som bruker ein pris som er flytande. Denne prisen er langt høgare, gjerne 30 kroner i forskjell. Med andre ord, slik framlegget er, betyr dette at selskapa sel fisken for 60 kroner kiloen, mot at dei skattar for at dei sel den for 90 kroner.

Havbruksnæringa er samde om at vi og kan bidra meir, til tross for at næringa i dag er blant dei høgst skatta i næringslivet

Mister langtidskontrakter

Vårt Land hevdar at me som driv i denne bransjen ikkje snakkar sant og skyv permitteringar framfor oss i eit spel. Om avisa hadde lest grundigare på side 5 i regjeringa sitt eige utkast, står det tydeleg at skattemodellen skal ta utgangspunktet i den høgste prisen, altså normprisen, som det heiter på fagspråket. Det er dette som no gjer at selskap etter selskap mister langstidskontrakter og har ikkje arbeid å tilby etter jul, dersom regjeringa ikkje gjer endringar. Det er dette som er sanninga. Både tilsette og leiinga i selskap etter selskap har protestert.

Ikkje ureieleg spel

Dette er ikkje ureieleg spel. Ordførarar, næringsforeningar, SP og AP medlemmer, leverandørar og folk flest langs kysten er opprørte. Havbruksnæringa er samde om at vi og kan bidra meir, til tross for at næringa i dag er blant dei høgst skatta i næringslivet.

Til slutt: De skriv og om høvet til å gi tilbakemeldingar. I eit ope og ekte demokrati er det heilt rett å sende ting på høyring. Om Vårt Land hadde vore opptatt av sanninga, så hadde ein og fått med seg at forslaget seier at grunnrenteskatten skal gjelde frå 1. januar neste år. Fristen for å gjeve tilbakemeldingar er tre dagar etter. Korleis kan ein kome med tilbakemeldingar i ein prosess når ting allereie er bestemt? Det bryt med den norske modellen og sanninga.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt