Verdidebatt

Unnskyld for naiviteten

YTRINGSFRIDOM: Eg var lenge blant dei som meinte at den såkalla rasismeparagrafen burde fjernast.

Eg meinte at meiningar skal brytast, og at dei beste av dei skal vinne fram. At troll skal sprekkast i lyset. Fordi ein absolutt ytringsfridom gjev best grunnlag for demokratiet.

Det har eg innsett er feil.

Straffelovas paragraf 185 om hatefulle ytringar er det einaste litle vernet minoritetar har mot dei grovaste ytringar.

Idealet om kunnskapssøken og meiningsbryting må framleis vere drivande for ordskiftet. Ytringsfridomen er trass alt grunnleggjande for eit demokrati. Men den kan ikkje gå på kostnad av minoritetar sitt liv og vel.

Straffelovas paragraf 185 om hatefulle ytringar er det einaste litle vernet minoritetar har mot dei grovaste ytringar.

Trua på sosiale medium

For ti år sidan var vi mange som trudde at sosiale medium kom til å skape fleire demokratiske samfunn. No snakkar vi om at sosiale medium kan utslette heile demokrati. På grunn av fake news, konspirasjonsteoriar, men også ein overflod av hets i kommentarfelta.

Desse fenomena sklir gjerne inn i kvarandre.

Aukar polarisering

Det einaste fri flyt av hets i kommentarfelta fører til, er auka polarisering og at minoritetar truast til tausheit. Med andre ord, eit meir lukka samfunn der minoritetar i praksis blir avskore frå å delta i demokratiet. Det kan vi ikkje la skje.

Skal vi ha eit fungerande demokrati, treng vi rasismeparagrafen. Derfor vil eg seie unnskyld for naiviteten.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt