Vi vil gjerne vere «inkluderande», slik som finnane, dei har ikkje noko særpronomen for han og ho. Eg budde mange år i ei samisktalande bygd. Der sa vi «son» både om gut og jente og Gud. Det var ikkje noko problem. Men dei samiske elevane mine hadde ofte problem med huset og taket og golvet når dei skulle skrive norsk. Det kunne lett bli husen og taken og golven. For norsk har noko som verken finsk eller samisk har: grammatisk kjønn. Til og med tre kjønn! Ikkje berre på folk og dyr, men på livlause ting og abstrakte begrep: båten og skuta og skipet, tvilen og trua og vitet – han, ho, det.
Kjønnsnøytrale dølar
Har vi gløymt det, alle mann og alle nordmenn, likemenn og landsmenn? Eg har budd i Gudbrandsdalen òg. Der seier dei hen i staden for han, med palatal konsonant. Så dølene har lenge vore kjønnsnøytrale! Sjølv seier eg berre ‘n eller ‘en når pronomenet er trykklett, så da høyrest eg òg kjønnsnøytral ut.
Tunga mi er ikkje meir feminin enn nasen min, og foten han er ikkje meir maskulin enn handa
— Sverre Hatle
Men fordi eg er så gammal, og fordi eg talar eit tradisjonelt målføre, og fordi eg er så sta at eg skriv nynorsk, er eg så fri å minne om ein grunnleggande regel i nynorsk (og vanleg i dei fleste dialektar): Det skal vere samsvar mellom pronomenet og substantivet som det viser til. Difor heiter det kyrkja – ho, same kor mange karar som er med. Og trua og frelsa og velsigninga på jorda i tida og all æva – ho, ho, ho. Eg trur enno at kroppen min er hankjønn. Men om sjela mi er hokjønn, skiplar ho ikkje kjønnsidentiteten min. Tunga mi er ikkje meir feminin enn nasen min, og foten han er ikkje meir maskulin enn handa.
[ I denne kirka sier de både «Far» og «Mor» om Gud ]
«Moders hjärta»
Skal vi halde fram med å be fadervåret og døype i namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande, kva er då eit skarve pronomen, at vi bryr oss? Gud er Gud, også når han «bär för mig en moders hjärta».
[ Biskop: – Vi kan gjerne drøfte å supplere med «hen» når vi snakker om Gud ]