Verdidebatt

Kyrkja vil lytte til forteljingane til HIV-smitta

LHBT+ I KYRKJA: HIV-smitta må vere ein del av det større biletet når kyrkja no skal lytte til dei erfaringane ulike menneske sit med i så måte.

Det er forståeleg at det er blitt spørsmål om kva kyrkja gjer overfor HIV-positive som har hatt vonde opplevingar av å vere stigmatiserte og kjent seg ekskluderte eller fordømte av kyrkja. Dette skjer i samband med drøftinga av korleis Den norske kyrkja følgjer opp det Bispemøtet har sagt i februar om at ein erkjenner at det er fleire som slit med skader og sår etter korleis kyrkja har behandla homofile og lesbiske i kyrkja.

Del av det større biletet

HIV-smitta må vere ein del av det større biletet når kyrkja no skal lytte til dei erfaringane ulike menneske sit med i så måte. Vi må søkje gode måtar å få tak i dette spesielle og viktige erfaringane og livsforteljingane på.

Vidare er å nemne at «HIV/AIDS som utfordring til Den norske kirke» var tema for ei større sak på Kyrkjemøtet i 2003, der fleire sider ved denne tematikken var drøfta og viktige moment til sjølverkjenning vart diskutert og formulert i sakspapira og i vedtaket. Fleire viktige publikasjonar kom deretter og program vart sett i gang, til dømes i regi av Norges Kristne Råd. Dette må vi byggje vidare på i den prosessen vi no går vidare med. Liknande arbeid har vore gjort og foregår framleis til dømes i Kirkenes Verdensråds HIV/Aids-arbeid.

No gjeld det å finne riktige og audmjuke uttrykk for korleis vi som kyrkje forheldt oss til såre og traumatiserande erfaringar fleire ber på

—  Olav Fykse Tveit

Riktige og audmjuke uttrykk

Eg vil også uttrykkje forståing for at det kan vere sårt at det ikkje tidlegare vart teke meir tydeleg avstand frå leiande kyrkjeleg hald av stigmatisering av HIV-smitta. Til dømes er det nemnt at Bispemøtet ikkje tok avstand frå sokneprest Bjørn Bues preike i 1985 der han omtalte HIV som uttrykk for Guds dom over homofile. Til det er det nok rett å peike på at det er ikkje vanleg, korkje då eller seinare, at Bispemøtet uttalar seg samla om ein enkelt prest i eitt av bispedømma.

Eg har grunn til å tru at fleire av dei var kritiske. Men no gjeld det å finne riktige og audmjuke uttrykk for korleis vi som kyrkje forheldt oss til såre og traumatiserande erfaringar fleire ber på, som Arne Backer Grønningsæter omtalar det i innlegget i VL 19.4.22.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt