Prostifellesråd og prestisjetap

DNK: Godt er det at prostifellesrådet ikkje nådde lenger enn til papirstadiet. Det var ein dårleg konstruksjon og ein framandlekam i den norske kyrkjeskipnaden.

SF
PRESTISJETAP: – Eg kan ikkje forstå anna enn at resultatet av høyringa må vere eit prestisjetap for Kyrkjerådet, skriv kronikkforfattaren. Bilde: Leiar for kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum.
Publisert Sist oppdatert

Resultatet av høyringa om ny kyrkjeleg organisering er eintydig. Framlegget om å innføre eit prostifellesråd vart røysta ned av høyringsinstansane. Frå Kyrkjerådet trekkjer ein konsekvensen av det tydelege resultatet og legg framlegget om prostifellesråd bort. Godt er det at det ikkje nådde lenger enn til papirstadiet. Det var ein dårleg konstruksjon og ein framandlekam i den norske kyrkjeskipnaden.

Eg kan ikkje forstå anna enn at resultatet av høyringa må vere eit prestisjetap for Kyrkjerådet. Det er Kyrkjerådet som har gitt Müller-Nielsen-utvalet i oppdrag å greie ut ei organisering på prostinivå. Rett nok låg prostifellesrådsmodellen føre i tre utformingar, men desse er variasjonar av den eine og same modellen. Høyringsinstansane har dermed ikkje hatt reelle alternativ å halde seg til. Dette er det all grunn til å kritisere. Kyrkjerådet valde å gjennomføre det eg vil kalle ei høyring «med påhalden penn».

Prostifellesrådet vart for fjernt

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP