Verdidebatt

Med jernneve mot folk og trussamfunn

KASAKHSTAN: Vi treng ikkje dømma Kasakhstan nord og ned i eitt og alt. Men vi må snakka sant om eit autoritært regime. At landet har bidrege til religiøs dialog har til dømes ikkje ført til trusfridom.

Det er mykje vi ikkje veit om kven det var som greip til vald og kva rolle tidlegare president Nursultan Nazarbajev har spelt.

President Tokayev har lagt skulda for valdsbølgja og krisa på aktivistar og menneskerettsforkjemparar som krev rett til fredelege demonstrasjonar. Han har retta skuldingar mot utlendingar, utan å seia kven han meiner.

Han har også hevda at radikale muslimar og terroristar står bak. Regimet går no etter fredelege kritikarar — og legg skulda på alle andre enn seg sjølv.

Johannes Morken

Sanninga om regimet

Det kan godt seiast om den gamle herskaren Nursultan Nazarbajev at han hadde store ambisjonar på vegner av landet sitt. Mange autoritære leiarar har det. Problemet var og er at folket ikkje er inkludert i utforminga av ambisjonane.

Det er sant at vi veit for lite om Kasakhstan, utover at landet hadde ei glitrande skøytebane og har fostra ein stor langrennsløpar. Det er sant at landet har hatt svært krevjande utfordringar etter at alle landa i Sentral-Asia vart sjølvstendige for 30 år sidan. Vi skal ikkje dømma nord og ned alt landet har gjort med atomnedrusting, til dømes.

Men framleis skal vi snakka sant og tydeleg om eit autoritært og hardhendt regime. At landet har bidrege til religiøs dialog har ikkje ført til trusfridom og trygge kår for religiøse minoritetar på heimebane. Regimet har lenga fengsla samvitsfangar og brukt urettvise rettssaker og tortur. I ein rapport frå 2018 melde nyheitstenesta Forum18, som følgjer utviklinga for trusfridomen i landa som fram til 1991 utgjorde Sovjetunionen, at regimet til Nursultan Nazarbajev hadde villeia FNs menneskerettsråd om tilhøva i landet.

Religiøse minoritetar vert hardt kontrollerte. Dei trussamfunna som ikkje er statsgodskjende, er forbodne

—  Johannes Morken

I Kasakhstan kan tru berre utøvast med statlege løyve. Kontrollerte sunni-moskear står for utøvinga av statsreligionen, og andre moskear vert undertrykte. Religiøse minoritetar vert hardt kontrollerte. Dei trussamfunna som ikkje er statsgodskjende, er forbodne.

Midt under unntakstilstanden tok ei skjerpa religionslov til å gjelda 9. januar. Det blir endå vanskelegare å utøva tru utanfor statsgodkjende gudshus. Lova vart signert av president Kasym-Jomart Tokayev i romjula i år, 29. desember. Lovverket vert brukt til sterk kontroll med kven som får utøva menneskerettane sine — og korleis.

Skjerpar kontrollen

Landet har dessutan lenge hatt ei eiga lov om vilkår for å arrangera fredelege demonstrasjonar og opptog. Brått kjem regimet med eigne reglar i religionslova. Det signaliserer skjerpa kontroll med trussamfunn. Rett nok vart den endelege lova litt mindre streng enn første utkast. Men demokratisk er lova ikkje.

Mange protestantiske trussamfunn og Jehovas Vitne brukar leigde lokale. Lokalt politi godtek ofte ikkje dette, så spørsmålet er kva ordrar dei får. Dei første åtte månadane i fjor blei minst 15 personar og tre organisasjonar bøtelagde for å ha halda gudstenester utan statleg godkjenning. Etter at ein muslim fekk bot for å ha leia ei fredagsbøn, forklarte ein politioffiser til Forum18: «Det er ikkje lov å be nokon stad med mindre det er godkjent.»

Dei første åtte månadane i fjor blei minst 15 personar og tre organisasjonar bøtelagde for å ha halda gudstenester utan statleg godkjenning

—  Johannes Morken

Ein annan svarte dette på spørsmål om kvifor politiet overvaka gudstenester haldne av baptistar: «Dette er ikkje overvaking, det er undersøking. Vi går inn i kyrkjer og moskear.» Lovverket i Kasakhstan legg til rette for slike brot på trusfridommen.

Ingen reell trusfridom

Det er viktig med dialog og kamp for menneskerettar og demokrati. I Kasakhstan støttar Stefanusalliansen ein organisasjon som gjev rettshjelp ved brot på trusfridomen og som driv arbeid for å påverka lovverket. Trusfridommen og menneskerettar som er i nær slekt med denne, står sentralt i eit demokratisk samfunn.

Den tidlegare FN-rapportøren for trusfridom, Heiner Bielefeldt har sagt dette: «Religions- eller trusfridom er med rette blitt omtalt som ein ‘inngangsport’ til andre fridomar, inkludert ytringsfridom, forsamlingsfridom og organisasjonsfridom. Det kan ikkje vera eit fritt religiøst samfunnsliv utan respekt for dei andre fridomane (...). Dette er akkurat det som uroar autoritære regjeringar og ofte får dei til å avgrensa religions- eller trusfridommen.»

Kasakhstan er eit godt døme på dette.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt