Eg vil slåst med teksten

PREIKER: Eg har sjølv erfart kor lett det er å tilpasse preika til eige verdssyn. Tekstane i Det gamle testamente har i så måte potensial til å vere ein kjærkommen stein i skoen for predikanten.

UTFORDRAR :– Å slost med teksten er ofte det som kan gjere ei preike god, skriv Dina Willemse. Ho meinar tekstane i Det gamle testamente opnar eit rom og ein rikdom som ein kanskje ikkje kjem så enkelt til av seg sjølv. (Bilete: Den fullstendige bibelhåndboken av John Bowler)

Publisert Sist oppdatert

I diskusjonen om å ta ut tekstane frå Det gamle testamentet (GT) / Den hebraiske bibelen som del av preiketekstane i Den norske kyrkja, seier magekjensla mi meg at det ikkje umiddelbart er ein god idé. Kvifor ikkje?

Eg har ikkje vore prest i meir enn eit knapt halvår, men eg har allereie merka meg kor utfordrande det kan vere å lage rom for, og prioritere preikearbeid, og halde det teologiske arbeidet varmt. I forslaget om å ta ut GT-teksten som pålagt preiketekst trur eg at ein står i fare for å gå i fleire feller.

For det fyrste: å gjere rommet for teologi som kan treffe breidt og ålmennmenneskeleg mindre, for det andre: å snevre inn berøringa med andre abrahamittiske religionar og for det tredje: å underkjenne tekstane i GT som godt nytt og som ein heilt sentral klangbotn for det nye testamentet, og for vår kultur og historie.

Powered by Labrador CMS