Verdidebatt

Statleg korrekturarbeid på forbøn

KONVERTERINGSTERAPI: Det snik seg inn ei kjensle av at ein er på veg til å vedta ei lov mot noko som i stor grad er eit biprodukt av eit fiendebilete.

Nyleg var det høyringsrunde knytt til forslaget om forbod mot såkalla «konverteringsterapi», og debatten i etterkant gjer at mange, særleg kristne med tradisjonell samlivsteologi, uroar seg for om trusfridom er i ferd med å bli eit omgrep utan reelt innhald.

Dessutan: Heile dette sakskomplekset, inkludert sjølve nemninga «konverteringsterapi», er for mange kristne fullstendig framandgjerande.

Sofie Braut

Biprodukt av fiendebilete

Det siste først: ordet konverteringsterapi, dette diffuse omgrepet som lovforslaget er retta mot. Dei aller fleste vil både ha problem med å eigentleg skjøna nemninga, for ikkje å snakka om praksisen det er sagt å referera til.

Det snik seg inn ei uverkeleg kjensle av at ein er på veg til å vedta ei lov mot noko som i stor grad er eit biprodukt av eit fiendebilete. Ein ser gjerne føre seg at kristne gjennom forbøn vil driva ein terapi som skal «tvinga» folk vekk frå ei seksuell legning og inn i ei anna.

Først og fremst vitnar dette kanskje om manglande innblikk i kva forbøn er. Eg har tidlegare skrive at det offentlege ordskiftet ofte manglar kunnskap om kristen praksis. Her er eit godt døme. Ein skjønar ikkje heilt dette med forbøn, men det verkar såpass uheldig at det er best å regulera det ved lov.

Korleis skal reguleringa skje?

I eit land der barna våre skal få lov til å ta stilling til kva kjønn dei er, bør det vera lite kontroversielt om vaksne skulle ønskja hjelp til å koma til rette med eigen seksualitet ved hjelp av forbøn. Dessutan: om ein tidlegare heterofil søkjer forbøn for å landa ei homofil orientering, skal også dette vera forbode ved lov? Ting vert fort frykteleg komplisert når sjelslivet, inkludert draum og lengt og fortruleg samtale, skal inn under offentleg regulering.

Samfunnet vårt som til vanleg har høg tillit som adelsmerke, har i denne saka fått talspersonar for å erstatta tillit og godt skjøn med eit lovverk der dei går inn for å «regulera» bøn og forkynning. Dette er i alle fall signala som kjem frå Åpen Folkekirke (ÅF).

Den naturlege responsen på så ytterleggåande tankegods må vera å spørja korleis.

—  Sofie Braut

Den naturlege responsen på så ytterleggåande tankegods må vera å spørja korleis. Vi treng rett og slett å sjå føre oss situasjonen: i kyrkjer, moskear og på bedehus, i synagogar og forsamlingshus; korleis skal denne reguleringa skje?

Politiske forslag bør analyserast både ut frå om dei kan omsetjast i praktisk politikk og i lys av grunnleggande verdiar som fridom, tillit, respekt og toleranse. For alle som representerer minoritetar og motkultur når det gjeld tru og livssyn, er det alt anna enn sjølvsagt at statens meir eller mindre usynlege hand skal driva korrekturarbeid på forbøn og forkynning.

ÅFs utopi

Meir generelt, frå eit konservativt synspunkt, synest det svært aktuelt å setja denne debatten inn i ein større samanheng. I Hva er konservatisme?, Torbjørn Røe Isaksens siste bok, skriv han til dømes: «Det er et gjennomgangstema i konservatismen fra 1700-tallet til i dag at abstrakte skrivebordsteorier skaper politiske utopier som kan gi farlige utslag».

Det er tid for å tenka prinsipielt om trusfridom.

—  Sofie Braut

Historia har vist oss mange døme på overivrig politikk som på nidkjært vis går inn for å regulera stadig fleire område av samfunnslivet. «Konverteringsterapi»-saka har no ført til ei skrivebordsteoretisk tilnærming («regulering av forkynning og forbøn») frå grupperingar som ÅF. Dei ser ut til å basera slike utspel på ein utopi; eit samfunn der ingen får lov til å utfordra deira syn på kjønn og seksualitet. Svaret blir å råka alle som kan assosierast med det dei meiner er uheldig/skadeleg.

Håpet i denne saka får vera at også dei mest reguleringsivrige innser at slik «guilt-by-association»-logikk ikkje held i eit liberalt samfunn.

Må tenka prinsipielt

Kristenkonservative har i mange saker synspunkt som ikkje passar med hovudstraumen i samfunnet. Også katolikkar, muslimar og ein del andre minoritetar lit på trusfridom og eit liberalt lovverk for likeverdig medborgarskap.

Med utspela i samband med den såkalla konverteringsterapi-debatten, verkar det som om gode prinsipp for organiseringa av eit fritt samfunn kan ofrast for å forby eit fenomen og ein praksis dei færraste kjenner til, med eit reguleringsregime som utvilsamt råkar vilkårleg og altfor vidt.

Om konverteringsterapi-saka er forvirrande, synest ho likevel å la eitt punkt skina krystallklart: Det er tid for å tenka prinsipielt om trusfridom.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt