Verdidebatt

Livssynshumanismens overmot

KLIMA: Dei progressive lova oss betre tider når samfunnet kom fri frå førestillinga om Gud, og det fornuftige mennesket fekk stå i sentrum. Men behovet for å venda om forsvinn visst ikkje så lett likevel.

Etter mange år i skulen har eg i lærebøkene jamleg kome over bistre bilete av Ole Hallesby som skal tena til å illustrera «kulturdebatten» på 1930-talet.

Mellomkrigstida var ei brytningstid der den konservative professor Hallesby representerte ei tid og ein tankegang som no har blitt oss svært fjern, og som «heldigvis» fekk motbør av progressive og liberale krefter som sto klare til å redda oss frå tankar om synd og mørke og behov for omvending.

Sofie Braut

Betre utan Gud?

Spol fram eit knapt hundreår til vår tid, og Hallesbys agenda synest nokså utradert: Det er blitt sjølvsagt å utelata synd, omvending og tilsvarande religiøse konsept frå likninga om oss menneske. Samfunnet har langt på veg lukkast i å heilprivatisera tru, og slik sett har det sekulære hatt stor suksess.

Dersom omvendingsforkynning og den trua som Hallesby representerte var problemet, skulle vi no ha fått det så mykje betre. Men sekulærhumanismen ser også ut til å ha eit formidabelt forklaringsproblem. Dei radikale og progressive lova oss betre tider når samfunnet kom fri frå førestillinga om Gud, og det fornuftige mennesket fekk stå i sentrum.

Men behovet for å venda om forsvinn visst ikkje så lett likevel.

Same retorikk i klimasaken

Ta ei dagsaktuell sak som klimakrisa. Verda held på å bukka under, teikna er tydelege, og domsbodskapet frå miljørørsla er eintydig.

Podcasten Aftenposten forklart sin nylege episode om FNs klimarapport står slett ikkje tilbake for Hallesby når det gjeld alvorstynga kall til omvending.

Negativt syndefokus? Nei, meir frigjerande realistisk i møte med så vel klimasak som mange andre spørsmål i tida.

—  Sofie Braut

Nyleg rapporterte FN også om den første direkte klimarelaterte svoltkatastrofen, der tallause menneske på Madagaskar no manglar både mat og håp. Temperaturen stig, folk er på flukt og landområde hamnar under vatn.

Hallesby sin radiotale frå 1953 vekte mykje harme på grunn av sin kompromisslause stil: «Hvordan kan du som er uomvendt legge deg rolig og sove om kvelden, du som ikke vet om du våkner i din seng om morgenen eller i helvete?»

Faktum er at vi i dag langt på veg finn att same retorikken knytt til klimasaken.

Frigjerenda syndefokus

Ut frå kristen ståstad er klimakrisa ikkje mindre skremmande, men det er ikkje så vanskeleg å forklara henne, ettersom det kristne menneskesynet tek utgangspunkt i at mennesket har ein brest i botn.

Vi evnar ikkje å gjera berre godt og ting fell frå kvarandre. Jesu bodskap om behov for rettleiing, oppgjer og omvending er like aktuelt til alle tider. «Ta dykk i vare for lysta til stadig å eiga meir», seier han til dømes i Lukasevangeliet. Enkelt uttrykt, men med eit tidlaust djup som faktisk også rommar årsakene til klimakrisa.

Grunnen til at menneske treng rammer og bod er vel nettopp at det så lett går over styr med oss. Negativt syndefokus? Nei, meir frigjerande realistisk i møte med så vel klimasak som mange andre spørsmål i tida.

Urealistisk sekulær humanisme

Den sekulære humanismen har, for alt sitt ytre fokus på empiri og vitskap eit nokså urealistisk menneskesyn, som kjem til kort i å forklara til dømes kvifor ikkje fornuftige menneske alt for mange tiår sidan bremsa ned forbruket og tok grep for å verna planeten.

Sekulærhumanismen distanserer seg frå den kristne tanken om at mennesket er syndig og treng å ta eit oppgjer med sine mange villfaringar. Dette menneskesynet seier gjerne noko i retning av at mennesket er godt på botnen, og frigjort frå negative rammer og påverknad, vil det ta fornuftige og rasjonelle val.

Men dersom slike rammer aldri eigentleg manifesterer seg i den verkelege verda, er vel nettopp det berre nok eit urealistisk aspekt ved dette menneskesynet?

Vend om!

I staden for å overlata omvendingsbodskapet til andre, bør kristne med stort frimot bidra med eit meir realistisk menneskesyn i samfunnsdebatten. At mennesket stadig treng å ta eit oppgjer, er ikkje noko ein kan heva seg over i progressivt overmot.

Det er ikkje berre klimasaken som viser at vi set ting over styr, også om alt ligg til rette for det motsette. Det må vera eit brutalt paradoks for kvar humanist som vil plassera oss i sentrum som universets øvste autoritet og instans.

Der andre preikar bot og omvending frå sak til sak, går Bibelen til kjernen og tilbyr varige løysingar og verkeleg berekraft.

—  Sofie Braut

Det verkar alt anna enn tilfeldig at «vend om» er det aller første bodskapet frå Jesus. Det er jo dette som er ein eigentleg frigjeringsteologi! At omvending er noko vi lengtar etter og intuitivt har behov for, ser vi også gjennom det underlege faktum at dess meir neddempa omvendingsbodskapet har blitt i kyrkja, dess meir oppstår alternative omvendingsrørsler.

Men der andre preikar bot og omvending frå sak til sak, går Bibelen til kjernen og tilbyr varige løysingar og verkeleg berekraft. Det set både klimasaken og kvardagslivet i eit heilt nytt lys.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt