Verdidebatt

Når teologi står i vegen for tru

BIBELSYN: Eg saknar fleire frimodige leke leiarar. Dei kan gi håp i ei studiepoeng-sentrert tid, der mykje av teologien ikkje verkar interessert i å koma vanlege kristne til hjelp.

Frå ein gong på 1980-talet hugsar eg ein periode det var noko som på kyrkjeplakaten så forlokkande heitte «lek leiar». Eg var for liten til å kopla at skrivemåten skulle ha vore annleis om dette handla om leik og moro, så eg opparbeidde meg straks assosiasjonar og forventingar som skulle syna seg å vera fullstendig skivebom.

Med lek leiar vart det om mogleg endå meir alvor, for lekfolka som innimellom steppa inn for presten, ville neppe ha ord på seg for ikkje å kunna gudstenesteboka godt nok.

Sofie Braut

Saknar leke leiarar

No, mange år etter, tek eg meg jammen i å sakna fleire frimodige leke leiarar. Ikkje primært i håp om meir leik og moro, men fordi det myndige og livsnære lekfolket kan gi håp i ei studiepoeng-sentrert tid, der mykje av teologien ikkje verkar interessert i å koma vanlege kristne til hjelp, men heller verkar designa anten for meir internakademiske føremål eller for å imøtekomma krav frå eit samfunn i rask endring.

Dei som sette fart i Jesus-rørsla frå litt etter år 30, var heilt alminnelege folk som hadde fått ei heilt u-alminneleg erfaring. Dei hadde møtt sjølve sentrum i tilveret, hans ord og hans ånd sette dei i stand både til å gi opplæring til andre og å risikera alt for trua.

Også i samtida var nettopp dette noko som vekte oppsikt, slik det er skildra i Bibelen «Då dei såg kor frimodige Peter og Johannes var, og skjøna at dei var ulærde menn av folket, undra dei seg».

Eit tankevekkande gjennomgangstema i heile Det nye testamentet er Jesu oppgjer med den teologiske eliten

—  Sofie Braut

Teologi i vegen for tru

Eit tankevekkande gjennomgangstema i heile Det nye testamentet er Jesu oppgjer med nettopp den teologiske eliten, og at vanlege folk med vitnesbyrd om Jesus og hans kraft er det som får gjennomslag.

Det er ikkje noko svart/kvitt-bilete naturlegvis, Nikodemus-historia er eit godt døme på det. At teologiske studium kan forvanska dei gode nyhenda; det livreddande møtet mellom ein Gud som grip inn og eit menneske som overgir seg, kan vi likevel ikkje underslå. Det er dessverre eit stadig like aktuelt paradoks at teologi i fleire tilfelle står i vegen for tru.

Teologiprofessor Terje Hegertun si nyorientering i samlivsteologien denne våren, er eit døme. Det han seier i samband med boklanseringa nokre veker tilbake, er interessant å dra inn i ein refleksjon over teologisk leiarskap. Skal vi følga etter Hegertun i desse spørsmåla, må vi bli med på ei rad med grunnleggande postmoderne premiss, til dømes ei avvising av etablerte posisjonar.

Hegertun spør i intervju i samband med bokutgjevinga: «Hva om det kan tegnes en alternativ forståelse og skisseres en annen tilnærming?» Her stiller han spørsmål som om det ikkje finst noko å bygga vidare på. Indirekte forkastar eller relativiserer han det som har vore kyrkja si lære om ekteskapet frå starten av, og tek dermed steget ut av dei lange linjene.

Han opererer i kraft av å vera teolog og fagperson og investerer sitt personlege etos, slik mange gjer vårt individuelt orienterte kunnskaps- og spesialistsamfunn.

Ingen oppskrift på auka frimod

Det å stå i ein tradisjon, det å snakka ut frå det kristne kollektivet, har mista status vis-a-vis det å operera som ein slags teologisk gründer og ideutviklar.

I eit samfunn som vektlegg valfridom over konsistens og kontinuitet, vil dette falla i god jord, men i kristen samanheng verkar ei slik tilnærming fragmenterande og forvirrande. Som A. W. Tozer sa det: «By slicing and dicing doctrinal positions, we have come to a point of not knowing what we believe.”

Ein ting er å endra posisjon. Men kva når vi alle kan sjå ei markant kursendring, mens den som endrar kurs insisterer på at alt er som før? Det er forvirrande.

Ingen treng frimod for å hevda noko som til forveksling er nokså likt eit sekulært syn på samliv.

—  Sofie Braut

Det er vanskeleg å sjå føre seg at Hegertun får rett når han seier at resultatet av hans tilnærming til samlivsteologien vil vera «større frimodighet til å framholde en bærekraftig samlivsetikk» samtidig som «vi [tar] et oppgjør med foreldede stereotypier som kanskje bunner i frykt for det som er annerledes».

Denne teologien er i alle fall ikkje ei oppskrift på auka frimod. Ingen treng frimod for å hevda noko som til forveksling er nokså likt eit sekulært syn på samliv.

Visst er Hegertun oppteken av det kristne idealet om truskap, men her må vi jo vera så audmjuke å seia at det er mange andre også.

Lekfolk må stille spørsmål

Dessutan: Er det verkeleg slik at ein er så bunden av frykt og fråvær av framtidsforståing når ein vel å halda seg til Bibelens ord om ekteskap mellom ein mann og ei kvinne? Her trengst snarare aksept for at mange framleis tenkjer at det Bibelske synet på ekteskapet er verd å gjera seg upopulær for.

Det handlar ikkje om frykt, men om frimod på vegnet av eit ideal ein meiner er sant, godt og rett.

Nokre saker er rett og slett for viktige til å overlata til ekspertveldet.

—  Sofie Braut

Når teologien verkar meir prega av respekt for fagfeltets indre logikk eller tilpassing til endringar i omverda enn lydighet mot og tillit til Bibelen, er det ikkje berre lov for lekfolk å stilla spørsmål. Det er heilt nødvendig.

Nokre saker er rett og slett for viktige til å overlata til ekspertveldet. Å gi rom for leke amatørar og entusiastar er noko den kristne kyrkja har gode tradisjonar for. Det starta trass alt med Peter.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt