Verdidebatt

Å hevda at OL berre er idrett, er ei farleg tilsløring

TRUSFORFØLGING: I Kina kjempar millionar av modige, bibelhungrige kristne for å leva ut sann kristen tru. Alle som planlegg å dra til Vinter-OL, må bry seg.

RIV KYRKJER: Eit kyrkjemedlem ved Taitou Village Protestant church i Zhejiang-provinsen må setje opp krossen på kyrkjebygget igjen, etter at kinesiske styresmakter reiv det ned i 2015. Norsk idrett kan ikkje lukke auga for Kinas menneskerettsbrot, meiner Stefanusalliansen.

Grove brot på menneskerettane tvinga fram ein viktig debatt om Fotball-VM i Qatar. Temaet gjeld i minst like stor grad Vinter-OL i Beijing.

Idrettsleiarar kan ikkje sleppa unna med å seia at «Jeg jobber med idrett», som langrennssjef Espen Bjervig uttalte til NRK. Ingen som stiller seg opp i gigantiske utstillingsvindaugo til autoritære regime, driv berre med idrett.

Eg tek ikkje til orde for boikott av Vinter-OL. Det avgjerande er at dei som har tenkt seg dit, må snakka sant og fritt om Kina. Men så må vi heller ikkje retta bakar for smed og angripa kvar enkelt utøvar. Då det vart nei til statsgaranti til OL i Oslo i 2022, var det norske politikarar som i praksis overlet arrangementet til diktaturet i Kina.

Johannes Morken

Tvangsarbeid og tvangssterilisering

Det finst ikkje prov for at Kina har brukt slavearbeid ved bygging av OL-anlegg, slik Qatar har gjort før VM i fotball. Men diskusjonen om menneskerettar i eit autoritært arrangørland stoggar ikkje der.

Vårt Land skriv på leiarplass 8. juni som sant er at det er særleg viktig å snakka sant om undertrykkinga av uigurane. Minst ein million er tvangsinternerte. Det kjem rapportar om tvangssterilisering. Kina kallar leirane omskoleringsleirar og hevdar landet nedkjempar ekstremisme. Her nedkjempar Beijing eit heilt folk og kulturen både til muslimske og kristne uigurar.

Også Kina brukar tvangsarbeid. Under pandemien kom det tidleg rapportar om at menn frå leirane blei sende rundt i Kina for å halda hjula i gang fabrikkar som elles ville blitt stengde – fordi han-kinesarane blei omfatta av portforbod. Smittevernet gjaldt ikkje uigurane.

Jesus ut, presidenten inn

Men lista over ugjerningar stoppar ikkje i Xinjiang. For Vårt Lands lesarar er det ikkje minst viktig å framheva det leiarskribenten i ei kort opplisting ikkje nemner: kristne, muslimar og tibetanske buddhistar blir systematisk undertrykte.

President Xi Jinping har sidan 2013 brutalt stramma til den høgst relative fridomen som var praktisert eit par tiår. I Xi Jinpings rike er det sjefen i kommunistpartiet som er gud. Forfølginga av religion i dagens Kina er den hardaste sidan Kulturrevolusjonen som slutta i 1976.

Forfølginga av religion i dagens Kina er den hardaste sidan Kulturrevolusjonen som slutta i 1976.

—  Johannes Morken

Dei godkjende, registrerte, kyrkjene i Kina har fått sterke krav om å gjera religionen «kinesisk». Politisk propaganda og bilete av president Xi vert pressa inn i kyrkjer og gudstenester – der bilete av Jesus mange stader er tvinga ut. Tusenvis av krossar er rivne ned av kyrkjetak. Både kyrkjer, moskear og tibetanske kloster er rivne.

I Kina kjempar millionar av modige, bibelhungrige kristne for å leva ut sann kristen tru i kampen mot autoritært press.

Ved sida av dei registrerte kyrkjene, hadde også mange uregistrerte kyrkjer fått levd utan politiaksjonar før Xi stramma skruen. Men sidan 2018 har ei ny religionslov gitt uregistrerte kyrkjer eit ubehageleg val: Underordning eller stenging.

I Beijing nekta den store Zion-kyrkja i 2018 å installera overvakingskamera. I september same året blei kyrkja stengt. Den lever vidare som små hyskyrkjer – som merkar trakasseringa.

Kasta i fengsel

I Chengdu blei pastor Wang Yi i Early Rain-kyrkja i 2019 dømt til 9 års fengsel, skulda for å «oppmoda til å undergrava statsmakta» og for «ulovleg forretningsdrift», typiske skuldingar mot opposisjonelle. Leiarar i huskyrkjene som levde vidare også, har dei siste vekene opplevd at trakasseringa vert trappa opp.

Alle som planlegg å dra til Vinter-OL, ikkje minst idrettsleiarar, mediefolk og politikarar, må bry seg om menneskeverd og menneskerettar.

—  Johannes Morken

Mange av ski-øvingane under OL skal skje i Chongli i Chahar i Hebei-provinsen. Dette er eit område kjent for langvarig undertrykking av den uregistrerte katolske kyrkja. Biskop Augustine Cui Tai har sete internert utan lov og dom i årevis, han får berre koma heim til feiringa av kinesisk nyttår.

Ein annan stad i provinsen blei ein katolsk biskop i ei uregistrert katolsk kyrkje nyleg arrestert, saman med fleire prestar og prestestudentar.

Idrett og menneskerettar

Kina tolererer ikkje forsamlingar og rørsler som Beijing ikkje kontrollerer. Forfølginga av Falun Gong er brutal, les rapportane om organhausting.

Alle som planlegg å dra til Vinter-OL, ikkje minst idrettsleiarar, mediefolk og politikarar, må bry seg om menneskeverd og menneskerettar. Å hevda at dette berre er idrett, er ei farleg tilsløring.

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt