Verdidebatt

Den livredde makta og Hauge

TRUSFRIDOM: Konge- og prestestyret på Hans Nielsen Hauges tid har éin ting felles med brutale regime i dag: Dei er livredde huskyrkjer som dei ikkje kontrollerer.

Mange vil gjera Hans Nielsen Hauge til «sin» i jubileumsåret. Men knapt noko av det Hauge fekk utretta, overgår at han bana vegen for demokrati, forsamlingsfridom og trusfridom.

Svært mange ivrige talarar 17. mai snakkar om grunnlov og fridom. Av grunnar eg ikkje forstår hoppar dei bukk mellom anna over rettssaka mot Hauge. Den heldt framleis på medan grunnlovsfedrane sat på Eidsvoll. Hauge hadde då eit drygt halvt år igjen av ein ti år lang rettsprosess som knekte helsa hans.

Johannes Morken

Vanheilag tospann: prest og lensmann

Det vanheilage tospannet prest og lensmann hadde – frå Hauge starta i 1796 – gong på gong brote opp møta til reisepredikanten og fått han bura inne nokre veker. Så i 1804 vart han arrestert. Medan ein kommisjon undersøkte, måtte den reisande forkynnaren og gründeren vansmekta i eit fangehol i årevis utan dom. Det var eit uhyrleg maktovergrep, også etter 1800-standard, og ei undertrykking av trus- og ytringsfridomen.

Først i 1813 vart Hauge dømt – til to års festningsarbeid for å ha halde ulovlege religiøse samlingar og for å ha ærekrenkt presteskapet. Men han vart frifunnen for å ha svindla tilhengjarane. Der fanst det ikkje prov.

Den brutale prosessen mot Hauge lyder i øyro når eg les om regime i Asia og Midtausten som er redde for ukontrollerte forsamlingar.

—  Johannes Morken

Hauge frykta at festningsarbeidet ville ta livet av han og anka. Like før jul i 1814 fall dommen: Han slapp straffarbeidet, men måtte betala sakskostnader og 1000 riksdalar for brot på Konventikkelplakaten – for å ha preika utan presteløyve.

Det er store skilnader mellom Noreg for drygt 200 år sidan og regime som i dag straffar kristne som ikkje bøyer seg for politi og presteskap. Men den brutale prosessen mot Hauge lyder i øyro når eg les om regime i Asia og Midtausten som er redde for ukontrollerte forsamlingar.

Sammenligna med IS-grunnleggjaren

I 1804 sende biskop Peder Hansen i Kristiansand brev til Det Danske Kanselli. Han åtvara mot «svermeren» Hauge og hans «fanatiske lære». Hauge skapte «mistillit mot Statens øverste autoriteter» – ikkje minst presteskapet. Makta frykta sanneleg predikanten – «det ser ut som Hauge har valgt å ligne muhammedaneren Abdul Vechab», skreiv biskopen.

Vechab heitte eigentleg Muhammad ibn Abd al-Wahhab og grunnla wahabismen, statsreligionen i Saudi Arabia. Frode Ulvund har i Historisk Tidsskrift (2-2018) vist at åtvaringane som den osmanske sultanen i Istanbul stod bak mot wahabismen, stod i avisene på tida Hauge verka.

Med bispeaugo likna Hauge altså på mannen som vart ideologisk fundament for ei bestialsk terrorrørsle. At wahabismen skulle enda med IS, kunne sjølvsagt ikkje den redde biskopen vita – 210 år før kalifatet.

Men han brukte likevel det farlegaste dømet på religiøs fanatisme han kom på for å få kongemakta til å stoppa Hauge for godt.

Minner om kinesiske prosesser

Det er langt frå den dansk-norske kongen til president Xi Jinping. Men det er likevel påfallande kort frå skuldingane mot Hauge til ferske kinesiske prosessar.

Pastor Wang Yi i den uregistrerte kyrkja Early Rain i Chengdu blei i 2019 dømt til ni års fengsel. Han nekta å innordna seg under den statskontrollerte kyrkja. Pastoren vart fengsla for å ha oppmoda til «undergraving av statsmakta» og for «ulovleg forretningsdrift».

Den kinesiske religionslova frå 1. februar 2018 og Konventikkelplakaten som Hauge braut, har noko felles: Religionen skal vera statskontrollert. Hardhendt makt vert brukt mot folk som leier veksande forsamlingar som statsmakta er redd for.

«Parasitt» i Iran

Det er mykje den dansk-norske kongen på Hauges tid ikkje har til felles med ayatollah-regimet i Iran. Men også herskarane i Teheran er redde. Kristne som deler trua med muslimar, held gudstenester på persisk og samlar folk, er ille ute.

I 2010 omtalte Ayatollah Khamenei huskyrkjene som eit «kritisk trugsmål», guvernøren i Teheran kalla dei ein «parasitt».

På toppen av åra i fengsel har fleire fått to års indre eksil – der vår Hauge fekk to års festningsarbeid

—  Johannes Morken

Enkeltkonvertittar er ikkje så farlege. Men makta er redd for den organisatoriske krafta i huskyrkjene. Fleire pastorar er dømde til ti eller 15 års fengsel, som trugsmål mot «nasjonal tryggleik».

På toppen av åra i fengsel har fleire fått to års indre eksil – der vår Hauge fekk to års festningsarbeid. Vår eigen skamplett av makt og tru i tospann, bør læra oss å stå opp for dei som vert forsøkt knekte med psykisk tortur i einecelle i Evin-fengselet i Teheran.

Trusfridom på kloke måtar

Men ei anna side av Hauge-arven er også verdt å dra fram. Jostein Garcia de Presno viste i Vårt Land 23.1.2021 at sjølv om rettsprosessen var ein katastrofe for Hauge, vart den til suksess for Hauge-rørsla. Den helseknekte Hauge slutta å reisa og tok tydeleg leiarskap frå Bakkehaugen og Bredtvedt i Oslo.

Der skifta Hauge strategi. Han dempa konflikten med politi og presteskap og følgde spelereglar, skriv de Presno. Kritikarar meinte at han svikta Gud. Før rettssaka var det lett å sjå på motstand som teikn på Guds vilje, men Hauge-rørsla fekk meir berekraft etterpå, skriv de Presno. Hauge idylliserte sjølv tida før rettssaka, men innsåg at det vart «viseligere ledelse» og meir «orden» etterpå.

Det finst inga orsaking verken for brutaliteten mot Hauge. Hauges skifte av strategi kan likevel brukast til refleksjon.

Kampen for trusfridomen og kloke måtar å utøva den på, høyrer med i det store seminaret om arven etter Hauge.

—  Johannes Morken

Både konvertitt-kristne frå muslimske land og endå meir vestlege pastorar som tek imot dei, kan bli så ivrige at trua først og fremst blir ein provokasjon. Oppbrotet kan av samfunnet rundt bli sett som farleg import av kultur og politikk som utløyser frykt og sinne.

Eit baptistisk teologisk seminar i Beirut lærer konvertittar frå arabiske land å leita etter vegar for å formidla trua utan straks å utløysa sinne og makt – mellom anna ved å forsona seg med familien. Dei skal ikkje gå frå den nye Jesus-trua, men formidla den som ei velsigning.

Det vil garantert koma ei tid der makta blir både redd og sint. Nokon må kanskje ofra livet for trua. Men det gjeld å nå så mange som råd før det skjer.

Det er ikkje sikkert at di meir motstand, di meir verkar Gud. Både kampen for trusfridomen og kloke måtar å utøva den på, høyrer med i det store seminaret om arven etter Hans Nielsen Hauge.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt