Verdidebatt

Ei tapt moglegheit for jordbruket

JORDBRUKSOPPGJER: I år meinte nokon det var viktigare å «seie ifrå» og «setje foten ned» enn å oppnå faktiske resultat.

Norsk jordbruk og matproduksjon er den største fastlandsnæringa vi har, og er heilt avgjerande for sikker og trygg matforsyning, og for aktivitet og busetjing i heile landet.

Vi har ei unik ordning i Noreg. Norsk jordbruk har rett til å forhandle med staten om rammevilkåra for matproduksjon i landet vårt. I jordbruksforhandlingane blir det diskutert både totalrammer og konkret innretning på verkemidla.

Eg ønskjer å legge til rette for eit aktivt og framtidsretta landbruk over heile landet, med eit mangfald av små og store bruk, og der vi bruker ressursane våre rett for å produsere sunn og trygg mat som vi alle treng.

Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) vil at aktører innen landbruks- og matsektoren skal søke støtte om midler til grønn omstilling. Arkivfoto: Vidar Ruud / NTB

KrF har alltid stilt opp

I jordbruksforhandlingane diskuterer vi akkurat korleis vi får til dette. Staten og jordbruket kan saman finne løysingar på vegen vidare.

I år valde jordbruket å avvise forhandlingar før dei hadde kome i gang. KrF har alltid stilt opp for denne samfunnskritiske næringa, både i og utanfor regjering.

Eg og KrF vil fortsetje å jobbe for eit levande landbruk i heile landet også i tida framover.

—  Olaug Bollestad

Vi ville ha gjort det igjen, dersom organisasjonane i jordbruket hadde sett seg til forhandlingsbordet. I år meinte nokon det var viktigare å «seie ifrå» og «setje foten ned» enn å oppnå faktiske resultat. Det er ei tapt moglegheit for jordbruket.

Det å legge til rette for ei inntektsutvikling for jordbruket er viktig for regjeringa, og det har vore viktig for KrF lenge. Under regjeringa Solberg er inntektsforskjellane mellom jordbruket og lønnsmottakarar redusert, både i prosent og i faktiske kroner.

Merkbar reduksjon av inntektsforskjellane

I 2019 signerte både Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag ein jordbruksavtale der vi la til rette for ein like stor inntekstvekst for jordbruket som for andre grupper i samfunnet.

I år var det kronemessig lik utvikling som var startpunktet for forhandlingane. Det er eit sjeldant syn i jordbruksoppgjera, og eit tydeleg signal om at i år ønskte vi å få til ein merkbar reduksjon av inntektsforskjellane mot andre grupper.

Ein avtale ville ha redusert inntektsgapet, men først måtte forhandlingane ha kome i gang. I tillegg vart det gjort klart at staten var viljug til å gå i forhandlingar om alle element som ligg innanfor jordbruksavtalen.

Forhandlingar kunne òg ha endt i brot, og då ville jordbruket ha visst kva dei sa nei til. Det gjer dei ikkje i år.

Levande landbruk

Mange bønder opplever at dei ikkje kjenner seg igjen i talgrunnlaget for forhandlingane. Derfor foreslo staten i opningstilbodet å setje ned eit utval som skal sjå på talgrunnlaget før framtidige jordbruksoppgjer.

Når forhandlingar ikkje starta, vil regjeringa gå til Stortinget med ein proposisjon basert på tilbodet frå staten. Regjeringa var klar til å forhandle vidare med det som utgangspunkt, og saman med jordbruket bli samde om ein god avtale.

Korleis avtalen kunne ha blitt, får vi aldri vite. Men eg og KrF vil fortsetje å jobbe for eit levande landbruk i heile landet også i tida framover.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Verdidebatt