Verdidebatt

Hauges kristne ettermæle

HANS NIELSEN HAUGE: Tenk om vi i jubileumsåret kan la oss inspirere, ikkje berre av det Hauge fekk utført, men av tømmermannen som er drivkrafta i alt Hauge stod for.

Mimir Kristjansson skriv godt og viktig om Hans Nielsen Hauge i Vårt land den 27. mars. Det er gledeleg at så mange i dag vil ha ein bit av Hans Nielsen Hauge.

Vi las med interesse Kristjansson samanlikning av seg sjølv med Hauge, då han reiste rundt for å vinne læresveinar for sitt politiske kall. Han meine at dei djupaste spora som Hauge og venane hans etterlet seg er å vise småkårsfolk at dei har nytte av å organisere seg.

Anne Kristin Bruns, Olaug Bollestad, KrF

Det var evangeliet og verdiane fra det som dreiv han, og vi må vere klare på at det ettermælet må ikkje undervurderast

—  Bruns og Bollestad

Hauge var ein Guds mann

Hauge blir kalla arbeidarane sin mann, lekfolket sin mann og ein feminist, for å nemne noko. Men det er ikkje mogleg å stikke under ein stol at Hans Nielsen Hauge var ein Guds mann med omsorg for enkeltmennesket.

Det var evangeliet og verdiane fra det som dreiv han, og vi må vere klare på at det ettermælet må ikkje undervurderast når vi snakke om denne mannen som forandra Noreg, no 250 år etter hans fødsel.

Det kan vere freistande å lyfte fram Hans Nielsen Hauge si rolle som samfunnsreformator utan å dvele med hans gudstru. Men det er umogleg å skilje hans virke frå trua han hadde på Gud.

Hauge meinte at eit kristent samfunn skulle vere eit fellesskap av likestilte og likeverdige menneske. Han var også oppteken av at samspelet mellom ulike yrker skulle tene heilheita i samfunnet.

Evangeliet som grunnmur

Ingen skulle vere nødd til å tigge, lide naud eller vere utan arbeid. Han nytta sjølv tida godt der han strikka medan han gjekk gjennom bygdene, møtte folk, snakka med dei og forkynte evangeliet. Han meinte at samfunnet skal byggast nedan med evangeliet og kristendommen sine verdiar som grunnmur.

Det står skreve om han at han kjende seg frigjort, han vart fri i sitt indre og tålte på den måten motstand og til og med fengsling og straff for det han trudde på.

Uansett korleis ein vel å tolke hans engasjement, så var hans kristne tru og det den stod for, grunnlaget for hans virke og hans samfunnsengasjement. Den radikale sanninga i kristendommen endra han radikalt.

For oss som kvinner er det interessant å sjå kva for ei styrka rolle kvinnene fekk i den haugianske veneflokken.

—  Bruns og Bollestad

Styrka kvinners rolle

Han hadde tru på at alle kunne bidra, og såg etter talent og leiargåver. For oss som kvinner er det interessant å sjå kva for ei styrka rolle kvinnene fekk i den haugianske veneflokken. Det vert levande fortalt, og der er mange historier, om at kvinnene si rolle og betydning i venekretsen og arbeidslivet var viktig.

Dei var sjelesørgere, forkynnere, arbeidarar og leiarar, og Hauge gjorde heimane til ein arena der kvinnene kunne ta ordet. Dette var svært uvanleg i starten på 1800-talet.

På denne måten vart dei rollemodellar for andre unge kvinner. Dei fekk trua på at dei kunne både tale og skrive songar, delta i debatten, arbeidslivet og bety ein skilnad.

Vi må nemne kvinnene bak Kinamisjonen og misjon generelt der dei har spelt ei viktig rolle. At rørsla overlevde etter fengslinga av Hauge, har ikkje minst kvinnene æren for. Då opna dei heimane sine som vart bruhovud for spreiing av rørsla.

At rørsla overlevde etter fengslinga av Hauge, har ikkje minst kvinnene æren for.

—  Bruns og Bollestad

Ein tømmermann var drivkrafta

Historikaren Ludvig Selmer hevde at det er neppe tvil om at den religiøse frigjeringa for kvinnene som haugianarane viste, har bidratt til å frigjere kvinnene si stilling i samfunnet i vårt land, både på det politiske og andre områder.

At det vart innført stemmerette for kvinner allereie i 1913, tidlegare enn dei fleste andre land, er eit døme på dette.

Tenk om vi i jubileumsåret kan la oss inspirere og utfordre ikkje berre av det Hauge fekk utført, men av tømmermannen og den radikale lekpredikanten som er drivkrafta og inspirasjonen i alt Hauge stod for, Jesus Kristus.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt