Verdidebatt

Nina sin 100-timarsregel

FRIVILLIG ARBEID: Skund deg å skriva deg opp på dugnadslista i kyrkja eller idrettslaget før det er for seint.

Ein del av oss har brukt dette asosiale året til å halda seg i form eller komma i form. Eg har blitt ei sofapotet. Til nå er det stort sett det fysiske forfallet som har uroa meg.

Men i går fekk Nina meg til å innsjå at også dugnadsmuskelen min er blitt kraftig svekka. Ikkje det at han var svulmande i utgangspunktet, men nå er han nesten vekke.

Er det noko me truleg ikkje har lyst til, når samfunnet gradvis blir opna opp igjen, så er det å høyra ordet dugnad igjen.

—  Ann Kristin van Zijp Nilsen

Enda meir dugnad?!

Kva så? er det fristande å å spørja seg. Er det noko me truleg ikkje har lyst til, når samfunnet gradvis blir opna opp igjen, så er det å høyra ordet dugnad igjen. Dei siste åra har politikarar, interesseorganisasjonar og styresmakter invitert til hundrevis av «nasjonale dugnadar».

Kan den nitriste, naudsynte, nasjonale smitteverndugnaden ha kurert oss for all lyst til å bidra med noko som helst, straks me slepp ut av dette kollektive virusfengselet? Då skal det nytast, feirast og ferierast, då blir det liv, rai rai. Då kan me endeleg bli lukkelege.

Bandymamma Nina

Det er her Nina kjem på banen. Bokstaveleg talt. Denne veka fekk bandyungdommane våre lov til å spela kamp for første gong på eit år. På førehand hadde lagleiaren spurt på kommunikasjonsappen: «Kven kan hjelpa oss? Me treng ei covid-vakt, ein i kiosken, ein speaker og ein til å styra klokka/resultattavla.»

Eg er ikkje blant trenarane, lagleiarane, dei som kjører ismaskinen, sliper skøyter eller har andre faste oppgåver, så eg burde vore kjapt på ballen. Men nei då, eg registrerte ikkje meldinga før eldsjelene for lengst hadde ordna opp. I det eg møter bandymamma Nina på tribunen (med to meters avstand) uttrykkjer eg det dårlege dugnadssamvitet. Det har ikkje ho.

– Eg hjelper allereie til på bandyskulen for småtassane to timar kvar veke, svarer ho.

Hæ? Er ikkje slikt for ekstrem-eldsjelene i klubben og eventuelt småbarnsforeldra?

– Forsking viser at hundre timar frivillig arbeid gjer deg til eit lukkelegare menneske, og det blir berre to timar i veka. Så då blei bandyskulen, smiler ho breitt.

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Forskinga viser at menneske som begynner å gjera frivillig arbeid to timar kvar veke, vil kjenna seg gladare, meir nøgde og ha betre sjølvtillit etter eitt år.

—  Ann Kristin van Zijp Nilsen

Hundre timar frivillig arbeid

Det er ikkje svogerforsking ho snakkar om, men store undersøkingar frå Australia, Canada og USA. Adam Grant, ein amerikansk professor i organisasjonspsykologi, skriv om desse i bestseljaren Gi og ta. Dei underbyggjer det han kallar «100-timersregelen for frivillighet».

Forskinga viser at menneske som begynner å gjera frivillig arbeid to timar kvar veke, vil kjenna seg gladare, meir nøgde og ha betre sjølvtillit etter eitt år. Men forskinga viser ingen ekstra fordeler for den som arbeider frivillig meir enn 100 timar i året.

«To timer jobb innenfor et nytt område viser seg å være den gylne mengden tid som gjør at folk kan få til noe og føle seg betydningsfulle, uten at de blir overmannet eller må ofre for mange andre prioriteringer», skriv Grant.

Synda si tyngdekraft

Mange av dei som vanlegvis er frivillige i idrettslag, kyrkjer og andre lokale fellesskap har tvinna tomlar (eller tomla nedover på telefonen) det siste året.

Nå raknar mykje. Kanskje vil det visa seg at ein del av det som ligg nede så lenge, faktisk ikkje kan vekkjast til live igjen. I arbeids- og næringslivet står mange utan jobb eller har gått konkurs. Mange har fått dårleg psykisk helse. Mange er utslitne av overbelastning på jobb i skulen, helsevesenet og serviceyrke.

Men ikkje alle. Mange av oss har berre blitt slappare av heimekontor og sofaliv – og litt meir innkrøkte i oss sjølve.

Kyrkja sitt usjølviske ideal kler ikkje den hypotetiske reklamen «2 for 1: Ver usjølvisk og bli lukkeleg sjølv».

—  Ann Kristin van Zijp Nilsen

Å vera innkrøkt i seg sjølv har alltid hatt eit dårleg rykte i kyrkja. Både Augustin, Martin Luther og Karl Barth meinte at nettopp det er synda si tyngdekraft. Krøkinga innover gjer oss til folk som har nok med seg sjølv. Dei er mindre lukkelege.

Kyrkja sitt usjølviske ideal kler ikkje den hypotetiske reklamen «2 for 1: Ver usjølvisk og bli lukkeleg sjølv». Viss du endeleg blir frivillig i konfirmantarbeidet/barnekoret/eldretreffet/bandyen to timar i veka, så handlar det om alt anna enn deg. Hemmelegheita ligg akkurat der. Men kanskje må me koronainnkrøkte lokkast med litt lukke akkurat nå?

I så fall kan Nina gi oss eit lite tupp i sofamuskelen og minna oss om at «den største gleda du kan ha, det er å gjera andre glad.»

Berre å stille seg i kø

Nå begynner det å opna seg fleire og fleire moglegheiter til å bidra. Det er berre å stilla seg i kø før eldsjelene har tatt alle oppgåvene. Viss me fordeler dei betre, slepp nokon å bli utbrende av overarbeid og andre ulukkelege av underarbeid. For min del er eg ført opp som klokkar på kyrkja si dugnadsliste allereie kommande søndag. Heldiggrisen.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt