Verdidebatt

Ei heilag, digital kyrkje

Ei ukritisk digitalisering vil trivialisere kyrkja, meiner Erik Hillestad. Men ei tilsvarande ukritisk avvising av digitalisering står i fare for å neglisjere kyrkja sitt diakonale ansvar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Aksel Johan Lund

Teologistudent

I eit innlegg i Vårt Land laurdag 28. november kjem leiar av Kirkelig Kulturverksted, Erik Hillestad, med ei kraftig åtvaring til kyrkja om dei potensielle farane ved den auka digitaliseringa av hennar verksemd under koronapandemien. Sosiale medier beskriv han som «nådeløse, overflatiske, avhengighetsdannende, porøse og et energi-sug som skaper vinnere og tapere». Kyrkja, derimot, må tilby «tilhørighet, kroppskontakt, nåde, mysterium og frigjøring», noko han meiner ikkje er mogleg å gjere digitalt. Hillestad vedgår at kyrkja må vere til stade i det digitale, men han synest å meine at dette digitale nærværet må vere av ein annan karakter enn den fysiske kyrkja.

Eit kunstig skilje

Denne forma for kritikk mot aukande digitalisering av kyrkja er slett ikkje ny, og byggjer på eit feilaktig premiss: at det er eit skarpt skilje mellom dei fråkopla liva våre, som er ekte, og det digitale, som er virtuelt og dimed underforstått uekte. Eit slikt skilje framstår som svært kunstig. For stadig fleire av oss er det ikkje lenger eit tydeleg skilje mellom liva våre på og av nettet. Nye medier er ikkje distinkte frå det «ekte» livet, men er integrerte i kvardagen vår. Den auka internettbruken under koronapandemien har, om noko, bidrege til å viske dette skiljet endå meir ut.

Mange har peika på koronatida som ein unntakstilstand, som me skal tilbake til normalen frå. Og for dei av oss som har til vane å gå i kyrkja på sundagen, stemmer dette. Me kjem etter kvart til å kunne gå i kyrkja igjen, ta imot nattverden og drøse på kyrkjekaffien, slik me har for vane å gjere. Men det som for oss vante og faste kyrkjegjengarar er ein unntakstilstand, er for mange kvardagen. Det er slett ikkje alle som kan, eller får til, å komme seg fysisk til kyrkja, av ulike grunnar.

LES OGSÅ: Digital påmelding ga begravelsesboost

På like fot i den digitale kyrkja

Som kyrkje er det vårt diakonale ansvar å vere kyrkje òg for dei som ikkje fysisk er til stade, og det digitale rommet gir oss særskilt gode høve til dette. På enkelte område kan digitale fellesskapar faktisk vere langt betre enn dei me har i ei fysisk kyrkje. Terskelen for deltaking er lågare, og tradisjonelt hierarki og statusmarkørar vert svekka. Faktorar som kjønn, funksjonsevne, kultur og etnisk bakgrunn kan – diverre – vere svært avgrensande i ei fysisk kyrkje, men i digitale gudstenester stiller deltakarane i langt større grad på like fot.

Det er klart at me må vakte oss for dei farane som ligg i digitale rom, og særskilt i dei sterke marknadskreftene og det store prestasjonsjaget som styrer store deler av sosiale medier. Kyrkja må for all del ikkje jakte på sjåartal og likes. På litt same vis som kyrkja er i verden, men ikkje av verden, må ho vere på nettet, men ikkje av nettet.

Stort potensial

Digitale plattformar er verkty ein må vere kritisk til, men dersom ein brukar dei rett, ligg det eit stort potensial til å realisere kyrkja sitt diakonale og misjonale oppdrag – til å forkynne, til å skape fellesskap, til å inkludere dei som vanlegvis vert halde utanfor. For det må vel vere å vere ei sakramental kyrkje, i ordets rette forstand.

LES MEIR:

Lager videoandakter med 20.000 visninger om dagen: – Dette er en full home run

Neste kirkevalg kan bli digitalt: – Potensial til å få opp deltakelsen

Kirken fikk en helt spesiell førjulsgave fra en anonym giver: – Et fantastisk hakeslepp

---

Fakta:

---

---

Dagens bibeltekst

  • Fil 1, 3-8

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt