Professorens tale

Eg har sans for professorar utan filter. Men er det rett å ta Jesus til inntekt for at kvinner ikkje kan gjere teneste som prestar?

Alf Kjetil Walgermo (bildet) er forfattar og journalist i Vårt Land.
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Alf Kjetil Walgermo

Forfattar og journalist i Vårt Land

Knut Alfsvåg, professor i systematisk teologi ved Vid vitenskapelig høgskole, kjem med ein slagferdig påstand i sitt debattinnlegg om kvinners presteteneste: Eg og biskop Halvor Nordhaug utstyrer oss med haldningar som gjer at Jesus og Paulus hadde blitt avvist i ordinasjonssamtalen om dei hadde meldt seg til teneste i Den norske kyrkja. Vi held oss dessutan med ein problematisk «kjønnsmetafysikk» som Alfsvåg deretter dekonstruerer.

Halvor Nordhaug er meir enn kapabel til å svare for seg sjølv. For min eigen del er det overraskande – og forfriskande – å oppleve denne typen stempling frå ein professor ved ein av vår fremste teologiske utdanningsinstitusjonar.

Ufin plassering

Laurdagskommentaren min tok utgangspunkt i eit stort bokprosjekt der eg trekker fram kvinnene i Bibelen, fleire hundre i talet. I Bibelens kvinner. Historiene som forma verda viser eg korleis kvinnene spelar essensielle roller gjennom heile det bibelske materialet. Dette er ikkje Alfsvåg usamd i. Han er også einig i at patriarkalske strukturar har halde kvinner nede gjennom historia. Likevel er det altså noko gale med haldningane mine når eg seier ja til kvinnelege prestar.

Boka mi er ikkje eit teologisk innlegg i ein debatt, ho står på eigne bein. Eg har derimot behov for å kommentere professorens ufine plassering av meg i ein såkalla kjønnsmetafysikk der skilnaden mellom kvinner og menn er ein «slags biologisk uregelmessighet som skal undertrykkes i størst mulig grad». Unnskyld professor, men kvar er dokumentasjonen din på dette? Det er iallfall svært langt unna mitt eige syn på kvinner og menn. Ingen er tent med fleire stråmenn – og stråkvinner – i ein allereie krevjande debatt.

Så til Alfsvågs slagferdige poeng, at Jesus og Paulus ville blitt avvist i ordinasjonssamtalen om dei hadde meldt seg til teneste i Den norske kyrkja. Dette er god retorikk og diskuterbar teologi, etter mi oppfatning. Sjølv er eg forfattar, ikkje teolog, så eg lar meg gjerne opplyse. Men det står ikkje noko i Bibelen om at Jesus reserverte presterolla for menn.

LES OGSÅ: Da Gud ble menneske valgte han å bli mann

Pauli ord

Eg er fullt klar over avsnitt hos Paulus som både talar imot hans eigen praksis – der han i utstrekt grad samarbeidde med kvinner om å utbreie evangeliet – og hans eigne ord om at alle er eitt i Kristus. Korleis vi tolkar utsegnene om at kvinner ikkje skal tale i forsamlinga og underordne seg mennene sine, spelar for mange kristne inn på kva syn ein har i kvinneprestspørsmålet.

Difor bør også Paulus lesast grundig, og på nytt. Der han i 1. Korintarbrev skriv at kvinnene ikkje skal tale i forsamlinga, skriv han ut frå samanhengen om profetisk tale og tungetale. Det er ikkje eintydig at dette handlar om hyrdefunksjonar. Forfattaren av 1. Timoteusbrev brukar på si side upresise skrifttolkingar som argument mot at kvinna skal undervise eller bestemme over mannen. Tilsvarande kan også andre «sentrale» enkeltekstar diskuterast og tolkast på ein annen måte enn dei patriarkalske strukturane gjennom tidene har lagt til rette for.

Den samla bodskapen

Eg er likevel meir opptatt av den samla bibelske bodskapen. Som eg viser i Bibelens kvinner. Historiene som forma verda, vel Gud seg i stor grad ut kvinner til å formidle Guds nåde til menneska. Det same gjer Jesus. Han vel Maria Magdalena som det første vitnet til oppstoda, og gir henne eit tydeleg læreansvar – om å fortelje dei mannlege læresveinane kva som er hendt.

At Alfsvåg vel å ta Jesus til inntekt for å problematisere kvinners presteteneste, i tillegg til å fekte mot haldningane mine og ein oppkonstruert kjønnsmetafysikk, får vere opp til han. Det finst ulike teologiske syn på dette spørsmålet, og ein blir ikkje mindre bibeltru av å gi kvinner den plassen dei skulle hatt frå starten av.

Og til slutt: Jesus hadde fått jobb i Den norske kyrkja. Både på golvet og i den høgste preikestolen. Kristne har berre éin øvsteprest, og han (Jesus) er framleis mann, om nokon skulle vere bekymra for det.

LES MER:

De kvinnelige prestene i Bjørgvin erfarer et kall til prestetjenesten. Men noen tviler på at kallet er riktig

Biskopen i Bjørgvin er berørt og beklager: – Kvinner har opplevd ting de ikke burde

Mikael Bruun: Nei, vi er ikke i mot kvinner

Fakta: