Verdidebatt

Godtruande duer

Idiotar i alle land, forein dykk!

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Kommunikasjonsleiar og redaktør i Areopagos

Verda kan sjå ut til å gå opp i liminga. I alle fall USA. Ordet «polarisering» blinkar som eit svært og sviktande neonskilt over landet. Republikanarar og demokratar mislikar kvarandre meir enn før, og stadig fleire snakkar berre med folk dei er einige med. Sjølv om alt er «greater» og «bigger» der borte, blir også me nordmenn bekymra: I den offentlege samtalen ser tilliten ut til å minka og avstanden til å auka mellom oss.

Godtruande duer

Informasjonsflaumen er forureina av falske nyheiter, konspirasjonsteoriar og fordekt reklame, og me treng eit skikkeleg «bullshitfilter». I møte med løgn og lureri kan skepsisen vera eit heidersteikn for det oppreiste mennesket. Å arbeida for sanning og rett er ei kristen dygd. Men Jesus sa ikkje berre til apostlane: «Ver kloke som ormar» (les: skeptiske). Han sa også: «Ver godtruande som duer» (au!).

Å vera godtruande er sjeldan eit heidersmerke, og det blir aldri kopla til intelligens. Den truskuldige blei oppfatta som dum lenge før Fjodor Dostojevskij dikta fram fyrst Mysjkin i meisterverket Idioten. Mysjkin ønskjer berre å tru og gjera det gode, derfor blir han kalla idiot. «Hovudideen i romanen min er å skildra det absolutt gode mennesket», skreiv Dostojevskij sjølv, og han plasserte Mysjkin som ein Kristus-figur i ei egoistisk og rå verd. I eit essay om romanen skriv den brasilianske forfattaren Ana Miranda at «denne eksepsjonelle figuren, fyrst Mysjkin, er en av de mest urovekkende og sammensatte i verdenslitteraturen», og ho konkluderer med at innanfor det kvestande samfunnssystemet som boka skildrar, er eit følsamt, ærleg og godt menneske ein idiot. «Et hellig menneske er en idiot.»

LES OGSÅ: Arne Borge: «Det er fristende å unne Donald Trump alt ondt som kommer hans vei. Men da går vi ned på hans nivå»

Det åttande bodet

Me ser ofte på det å vera godtruande som eit karaktertrekk. Det er gjerne medfødt og ikkje avlært i møte med røynda. Men å tru godt om folk og ta ting opp i beste meining, det kan vera eit aktivt og medvite val. Slik tenkjer Luther når han forklarer det åttande bodet, det om å ikkje lyga. I den vesle katekismen seier han at «du skal ikkje tala usant om nesten din» betyr at «Vi skal ottast og elska Gud, så vi ikkje svik nesten vår, ikkje baktalar han eller spreier vonde rykte om han, men orsakar han, talar vel om han og tek alt i beste meining.»

I den katolske tradisjonen kan kristne ransaka seg sjølv før skriftemål ved hjelp av ei liste kalla ein «skriftespegel». Hjå domkyrkjelyden St. Olav er eitt av sjekkpunkta for det åttande bodet: «Har jeg unnlatt å ta alt i beste mening?»

Men å ta alt opp i beste meining, er ikkje det ei konservativ livshaldning som berre folk høgt oppe i næringspyramiden kan unna seg? Dei som har drive med maktkritikk, som marxistar og feministar, har ofte analysert og kritisert strukturar gjennom dei brillene filosofen Paul Ricoeur kalla «mistankens hermeneutikk». Denne tolkingsmetoden har blitt brukt for å avsløra kamuflerte særinteresser og idear. Den mistenksame er ofte den smarte. Likevel kan det sjå ut som at Jesus hadde eit poeng med dei duene.

Velvilje er lim

«Ein situasjon der alle byrjar å bruka mistankens hermeneutikk mot kvarandre, er ein situasjon der minimumslojaliteten som er føresetnaden for eit fornuftig samfunn, går i oppløysing. Dette fører til ei ålmenn forbistring i samfunnet», skriv filosofen Hans Skjervheim i Filosofi og dømmekraft. I fjor skreiv samfunnsgeografen Anja Sletteland i Morgenbladet at den offentlege samtalen er i ferd med å bryta saman. Politiske motstandarar vil heller delegitimera ståstadene til kvarandre, enn å diskutera løysingar på konfliktar. «Det at folk ikke får snakke fritt uten å bli mistenkeliggjort, betyr ikke at de holder kjeft – de bare finner noen andre å snakke med.(...) For at parallellsamfunnene skal kunne integreres i den demokratiske samtalen, må folk få definere sine egne posisjoner. Når man føler seg fri til å snakke uten å bli mistenkeliggjort, er det mye lettere å lytte til andre.»

Eit menneske som tar ting opp i beste meining bekreftar det gode i medmennesket. Å pussa støv av dette kristne idealet kan vera medisin mot «den ålmene forbistringa av samfunnet». Velvilje er lim som kan hindra den offentlege samtalen å bryta saman. Idiotar i alle land, forein dykk!

LES MER:

Mark Galli fekk dødstruslar etter sin siste leiarartikkel i magasinet Christianity Today då han hudfletta Donald Trump

Fryktar samanbrot av den offentlege samtalen: - Kostar det for mykje å ta del, så lar ein heller vere

Hør Vårt Lands nye podkast om hvorfor de evangelikale endte opp med å bli republikanere

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt