Svar til Salman Rehman
Salman Rehman stiller nokre spørsmål til innlegget mitt "Er Muhammed ein profet også for Vårt Land?"
Rehman skriv "vårt land", dvs med små forbokstavar. Eg vil berre presisere at eg skreiv om avisa "Vårt Land", og ikkje om landet Noreg.
Eg ser ikkje bort frå at Rehman har rett i at dei som tek islam på alvor, er meir lovlydige enn dei han kallar kulturmuslimar. Men det var trass alt eit sentralt dogme i islam dei omtalte ungdommane ville "forsvare".
Tidlegare brukte SSB begrepet "innvandrarbefolkninga" om innvandrarar og deira barn. No har dei endra det til gruppene "innvandrarar", "barn av innvandrarar" (dvs begge foreldra er innvandrarar) og "øvrig befolkning". Eg trur som Rehman at mange av dei som hoppa over politisperringane i Bergen var "barn av innvandrarar", men det kan også vere einslege, mindreårige asylsøkjarar mellom dei.
Sjølv synest eg det er urimeleg å kalle ein person "nordmann" berre fordi han eller ho er fødd i Noreg. Då ser ein heilt bort frå kva etnisitet og kultur har å seie for identiten. Tilsvarande gjeld sjølvsagt også for innvandrarar til alle andre land, inkludert Pakistan og Afghanistan. Måten dei aktuelle personane reagerte på, var iallfall svært lite "norsk". Her til lands har vi tradisjonelt hatt både respekt for og tillit til politiet.
Bestill abonnement her
KJØP