- Cry for hope

Leiar for Sabeels venner, Hans Martin Haugen har i Dagen av 1.7. eit innlegg om den påtenkte annekteringa av Jordandalen. Artikkelen er velskriven og god – ut frå hans ståstad – men føresetnadene som argumentasjonen hans byggjer på har ikkje berekraft.

Publisert Sist oppdatert

Hovudpremisset i tankebygningane hans er OKKUPASJON. Denne situasjonen brukar han i argumentasjonen sin heile tre gonger. Men faktum er at det er ingen okkupasjon – og har heller aldri vore det!

Då Jordan i 1948 ulovleg okkuperte delar av Jerusalem, Judea og Samaria – og kalla det «Vestbredden», vart erobringa fordømd av eit samstemt FN og av Verdssamfunnet. Men då Israel i ein forsvarskrig i 1967 frigjorde området og tok sitt eige land tilbake, vart det fordømt av alle – endå det ikkje kunne kallast okkupasjon. Kven hadde tidlegare hatt godkjend suverenitet over Judea og Samaria? I fredsavtalen mellom Israel og Jordan i 1994 sa Jordan frå seg alle krav på dette kjernelandskapet til jødane. Så kven skulle Jerusalem, Judea og Samaria vera okkupert av, - røva, stole frå – slik som vulgærpropagandaen frå palestina-arabarane hevdar ?

Men i alle dei 50 åra etter denne overtakinga av «Vestbredden» - erobringa av Judea og Samaria – har FN, EU, Verdssamfunnet og media kverna på ordet «Okkupasjon, okkupasjon» og «ulovleg okkupasjon». Folk flest veit ikkje om noko anna, og framståande politikarar får seg til å seia – når dei vert pressa til det og går til kjeldene for dei folkerettslege vedtaka som gjeld: «San Remo er historie, FN-resolusjonane, EU-vedtak og Verdssamfunnet er nåtid».