02 December 2020



Verdidebatt

Skjebnetime for USAs demokrati

USA vil forbli globalt toneangivande. Spørsmålet er korleis.

Emil André Erstad

Kommunikasjonssjef, Den norske Helsingforskomité

Det korte svaret er 'ja', slik Harvard-professorene Steven Levitsky og Daniel Ziblatt overbevisande skildra i boka Hvordan demokratier dør (2018). President Donald Trump oppfyller kriteria for ein autoritær leiar. Og viss vi studerer korleis andre demokrati gradvis har utvikla seg i retning av autoritært styre, er det illevarslande teikn i USA.

Vår tids demokrati døyr ikkje ved dramatiske kupp, men ved gradvis svekking av uavhengigheita til domstolane, ved at styresmaktene vingestekker mediefridomen og undergrev demokratiske normar.

President Trump si forakt for demokratiet kjem til uttrykk på ulike vis. Han forheld seg ikkje til aksepterte reglar for demokratisk konkurranse, og nektar å anerkjenne legitimiteten til sine opponentar. Han stemplar dei som forrædarar, kriminelle eller taparar. Det gjeld både politiske motstandarar og journalistar som nektar å godta løgnene hans. Sosiale media er slagmarka der han sparkar mot alle han ikkje likar.

Mista truverd

Det er den livsviktige demokratiske norma gjensidig toleranse han drar ned i søla. Den som lar politikarar vere einige om å være ueinige, men likevel akseptere kvarandre som legitime motpartar. Trump oppfyller også andre kriterium for autoritært leiarskap. Han ser ut til å akseptere eller til og med oppfordre til vald mot politiske motstandarar.

For oss i Den norske Helsingforskomité har USA vore ein viktig støttespelar i kampen for demokrati- og menneskerettar globalt. USA har gjort mange feil i sin utanrikspolitikk - la det vere sikkert - men støtta til Helsingforsrørsla, den rørsla som bidrog til demokratisk styre i mange land etter 1989-1991, fortener USA framleis anerkjenning for. Men kva truverd har USA i dag som «leiaren for den frie verda»?

President Trump har i hvert fall ikkje det truverdet. Det same gjeld for store delar av det politiske etablissementet i Det republikanske partiet som lar ham ture fram med stilltiande aksept. Det kviler eit stort ansvar på tungvektarane i Det republikanske partiet, om å sei ifrå og protestere mot den retninga Trump stakar ut gjennom sine tweets og sin polariserande retorikk. Det er håpefullt å sjå at nokon av dei tør, men det må bli fleire.

LES OGSÅ: Når smitten sprer seg til politikk

Mogleg opning

At problemene til det amerikanske demokratiet er omfattande og stikk djupt, betyr ikkje at det er umogleg å løyse dei. Ein del av løysinga er nettopp det folkelege oppgjeret mot institusjonalisert rasisme vi no ser både i USA og internasjonalt. Det er en rettigheitskamp som bygger på eit menneskesyn, som er avgjerande for at eit demokrati skal fungere: Alle er like mykje verd.

Vi som arbeider med menneskerettar i Aust-Europa og dei post-sovjetiske liksom-demokratia, veit at reform- og endringskreftene i USA er mykje større. Det er også dei demokratiske tradisjonane. USA har eit dynamisk og slagkraftig sivilt samfunn som er i stand til å sette politisk dagsorden og få til reelle endringar.

Det er dette USA vi kan samarbeide med for positive endringar. Progressive og reformorienterte krefter i begge dei store partia, blant offentleg tilsette og i ein stor flora av amerikanske sivile organisasjonar har dei same mål som det vi og den internasjonale menneskerettsrørsla har. Dei ønsker demokrati på heimebane og demokrati i verda.

Vi tapar med USA

Dei veit like godt som oss at viss USA ikkje gjennomfører reformar i politi og rettsvesen som gjer slutt på systematisk rasisme mot afroamerikanske borgarar, så tapar USA – men òg vi andre. Viss USA neglisjerer dei grunnleggande demokratiske problema, som var der lenge før Trump triumferte i valet i 2016, men som er blitt endå meir satt på spissen under hans tre og eit halvt år lange ultra-polariserande presidentskap, så svekkast USA som eksportør av demokrati og menneskerettar.

USA vil forbli globalt toneangivande på mange område. Spørsmålet er korleis. Det er det vegskiljet til det amerikanske demokratiet må gje svar på. Det er uansett ein skjebnetime i historia til leiarmakta for den frie verda.

LES MEIR:

Fest, bønn og protest da USA markerte slutten på slaveriet

MF-professor: – Å oppdra barnet mitt fargeblindt er ikke et alternativ

Mener kirkens støtte til Black Lives Matters er hyklersk: – Adresserer ikke egen rasisme

Annonse
Annonse

Mer fra: Verdidebatt