Kvifor blir ikkje religiøse prosjekt støtta?
Når eg som kristen artist leitar etter potensielle sponsorar til mine prosjekt treff eg ofte på informasjon om at ein berre vil yte økonomisk støtte til politisk- og livssynsnøytrale prosjekt.
Problemet med dette er at ei slik haldning ikkje er livssynsnøytral. Ein har då på førehand tatt stilling til og definert kva som er betre enn noko anna og kven som ikkje har rett til økonomisk støtte. Alle kan sjå at det ligg ein ideologi bak, men spørsmålet er om den er avgrensande og/eller diskriminerande for ei gruppe menneske i samfunnet?
Eg har halde på med eigenkomponert musikk i godt over 30 år. Det har blitt fleire album, to med bandet Skrent, samt EP, fleire singlar og nytt album under eige namn hausten 2019.
Måten eg har klart å finansiere dette på har i hovudsak vore ved å bruke eigne opptente midlar frå min privatøkonomi og crowdfunding ved eit par høve. Eg har og fått hjelp av privatpersonar og mi lokale forsamling. Som dei fleste andre artistar er eg opptatt av å vere ærleg og personleg i det eg driv med. I mitt tilfelle gjer det at mi kristne tru skin gjennom i låtane mine.
Bestill abonnement her
KJØP