Kvifor skal Hanvold seie unnskyld?

Sist månad lova Dionny Baez Guds vern mot Covid19-viruset – til dei som spesifikt "sådde" 2020 kroner for det. Dette skjedde på TV Visjon Norge. Delar av kristen-Noreg etterlyste ei orsaking frå ansvarleg redaktør Jan Hanvold. Men kvifor skal han beklage eit av elementa han har bygd kanalen sin på – og trudd på i fleire tiår?

Publisert Sist oppdatert

(Dette innlegget kan lesast som ein oppfølgar til «Pengefrøets hjelpere», og ei ny helsing til Visjon Norges sendepartnarar.)

Litt bakgrunn: 27. februar kommanderte altså Visjon Norges velkjende gjest folk til å gi kanalen pengar. For å få vern frå Himmelen mot viruset som herjar i verda.

Noko av det viktigaste for Jan og Inger Hanvolds verksemd er "lova om å så og hauste". Ein essensiell ingrediens i denne lova er "du kan så spesifikt": Du kan så pengar for å bli frisk, eller for frelse for familien. Om du treng eit hus, kan du gi pengar til ein person eller ei teneste/verksemd (gjerne noko(n) som har med hus å gjere eller som har suksess) – og kalle pengane "eit såkorn for hus". Plante eit (hus)pengefrø, altså. Du kan forresten plante pengar for ei koneogså, ifølge Hanvolds bodskap i Bergen i 2014. Eg har ikkje prøvd akkurat det, men det høyrest spenstig ut.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP

Powered by Labrador CMS