Verdidebatt

I krigen har alle noko å gi

Skjebnefellesskapet treng oss. Det er tid for binders.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Kommunikasjonsleiar 
i Areopagos og redaktør
 for Tørst

Nå har me lært å vaska hendene lenge og ofte nok, halda avstand og følgja dei andre råda frå Folke-­
helseinstituttet. Tida er inne for å bidra praktisk i del to av folkehelse-dugnaden: å halda motet oppe i fellesskap. Dette er den seigaste og kanskje mest krevjande delen. Ingen av oss slepp unna ansvaret.

Alle har noko å gi

Koronakrigen bind oss saman i eit uvanleg synleg skjebnefellesskap. Samtidig blir det synleg at omstenda rundt liva våre er svært ulike. Ein langvarig kamp mot viruset vil belasta befolkninga skeivt og urettferdig. Medan mange kjedar seg heime, har andre mykje meir krevjande og utsette arbeidsdagar enn vanleg. Somme får altfor mykje familiesamvere, andre blir meir einsame. Me har ulike grunnar til å vera utrygge og bekymra.

Noko er likevel felles for alle: Me har alle noko å gi, noko som er vårt litle ­bidrag i krigen mot kaoskrefter og mørke framtidsutsikter. I fredstid tenkjer ein sjeldan over verdien av at ei befolkning held ­moralen oppe. Den verdien veit invaderande militærleiarar alt om, når dei prøver å demoralisera lokalbefolkning.

Spontan dugnad

Det er lett å gløyma at slike usynlege og abstrakte ting som mot og glede i befolkninga handlar om heilt konkrete dugnadstiltak. Nokre gonger er dei planlagde, til dømes kyrkjene sine gudstenester og bønnestunder på nett. Forlag opnar gratis tilgang til fagbøker for elevar og studentar. Forfattaren Ida Jackson har laga gratis lydbok for barn om at Brillebjørn «er hjemme fra barnehagen selv om han ikke er syk».

Andre gonger skjer dugnaden spontant, slik me ser i glimt frå inn- og utland på sosiale medium: Italienske nabolag syng bysongar og operasvisker saman frå opne vindauge. Spanske diskjockeyar lagar fest frå balkongen sin. Ein norsk trompetist spelar til forbipasserande frå trappa si, inspirert av musikarar over heile Europa.­ Artige typar fotograferer og filmar karantene-påfunn, som å simulera ein vanleg t-banemorgon ved å halda seg fast i dusjforhengstativet mens ein les avisa.

LES OGSÅ: Kirkens Bymisjon: – Det er svært utfordrende for den psykiske helsen å bli overlatt til seg selv

Video-frukost med mor

I dag inviterte eg mor mi til frukost, sjølv om Langfjella og 326 km skilde oss. Typisk oss begge, kom me fem minutt for seint til avtalen. Men då sat me ved kvart vårt kjøkkenbord, med mobiltelefonen støtta mot ein lysestake og videosamtale på. Ho hadde ost og eple på brødskiva, eg hadde egg og tomat. Det blei noko heilt anna enn ein tilfeldig telefonsamtale, eg gler meg allereie til neste gong. «For ein fantastisk idé», sa mor mi. Den var ikkje min, men Agnes Nordvik på 17 år sin. I Aftenposten si ungdomsspalte Si ;D føreslo ho nettopp å eta saman med nokon på videotelefon som eitt av ti forslag til å vera sosial. I morgon skal eg kanskje drikka te eller gå tur med ei venninne gjennom telefonen.

Gåve til fellesskapet

Dei minste, men kanskje mest vesentlege elementa i den sosiale dugnaden for å halda moralen oppe handlar om ansikt og ord. Nokre av oss vil ikkje greia å gå ut i gatene utan eit angstridd, mørkt blikk og stiv munn. Men mange av oss har moglegheit til å overstyra autopiloten, som gjer oss ampre og uvennlege av frykt. Kvar einaste gong me klarar å smila til folk i butikken eller på gata, tolka kollegaen sin e-post i beste meining, eller bera over med kvarandre i heimen blir ei gåve til fellesskapet. Dette er å tenna lys i mørkret. Ikkje berre vårt eige, men òg det til naboen, viss eit vindpust sløkkjer hennar.

Ein binders på jakka

Nokre gonger held me lyset i skjelvande hender. I den kristne tradisjonen har det aldri vore eit ideal å skjula frykt. Jesus sveitta blod av rein dødsangst. «Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk», skreiv Paulus om seg sjølv til kyrkja i Korint. Men fellesskap har alltid vore eit ideal.

Det er som Anna Gavalda seier: Saman er me mindre åleine. Når historia skal skrivast om denne «krigstida», vil noko handla om kva som heldt moralen oppe hjå oss. Ennå veit me ikkje kva det er. Denne gongen sit ikkje kongen i ­London og snakkar til oss gjennom gøymde radioapparat, og me treng ikkje å stensilera opp illegale aviser og frakta dei rundt med unggutar. Men eg trur eg festar ein binders på jakka mi i dag.

LES MER:

Les mer om mer disse temaene:

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt