Kvinneverd i ny-patriarkalismens tid
Trass i #mee-too-kampanje og feminisme på frammarsj i alle land, kunne ny-patriarkalismen notere seg for ein stor siger då Donald Trump tok sete i Det kvite hus, med amerikanske kvinners velsigning, dei fleste av dei på den kristne, evangelikale fløy.
Mannsforbundet (Inggjald Nissen) gjer seg som aldri før gjeldande innan næringsliv, media, politikk og religion. Mannsforbundet er i sitt innerste vesen agressivt og fascistisk, med sin einøygde ideologi: makt er rett. Det er ein stor tragedie at mannsforbundet i sterk grad vert understøtta av ein reaksjonær, ubibelsk teologi.
Kor vidt kvinneperspektivet vert lagt inn i preikene i Den norske kyrkja på sundag, gjenstår å sjå. Men teksten på 8.mars, Kvinnedagen, bør kunne innby til nettopp det. Jesus står på grensa til det heidenske Kanaan, og møter ei kvinne i stor naud. Ryktet har gått føre healaren frå Nasaret, og kvinna bed fortvila om hjelp for si sjuke dotter. Om det er nokon stad Jesus inntek ei sokratisk rolle, så må det vere her. Han teier. Kvinna gjev seg ikkje, ho fell på kne og ropar: «Herre, hjelp meg!» Jesus svarar henne bryskt: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna (jødane) og gje det til hundane (heidningane)!» Kvinna parerer elegant: «Det er sant, Herre! Men hundane et då dei smulane som fell frå bordet til eigarane deira!». Den sokratiske Jesus har nådd sitt mål med si pedagogisk motiverte vegring: «Stor er trua di, kvinne! Det skal gå deg som du vil!»
Jesus viser seg, her som alltid, som maktpersonen som gjev avkall på si makt og løfter den maktlause opp.
Bestill abonnement her
KJØP