Israel, ekteskapslov, abort og kristendom som statsreligion. Der har du kort oppsummert dei verdispørsmåla som Oslo Symposium og Bjarte Ystebø meiner du skal vere opptatt av, viss du er ein god (høgre)kristen. Ystebø og hans disiplar tar seg ikkje bryet med å nemne kampen for klimaet, kampen for ein meir restriktiv norsk ruspolitikk, kampen mot økonomisk ulikskap, kampen for ein human asyl- og flyktningpolitikk og ein meir offensiv utviklingspolitikk.
Utfordringa med dei sistnemnte verdispørsmåla er at løysinga på desse ikkje ligg på den politiske høgresida, og derfor passar dei ikkje inn i Ystebø og Oslo symposium sitt snevre narrativ.
Smalt
Korleis kan eg og Bjarte Ystebø – to politisk engasjerte kristne – vektlegge politikken så ulikt? Frå mitt perspektiv ser det ut til at Ystebø prøvar å gjere verdispørsmål til noko smalt og trongt, der han er villig til å kaste ein del breiare (og – meiner eg – viktigare) verdispørsmål på båten.
Eg kunne ikkje la vere å tenke det, då eg såg Oslo Symposium gå av stabelen førre veke med alt mediehysteriet det genererte: Kva samfunn ville vi hatt dersom det var Bjarte Ystebø og hans nettverk blant høgresida i norsk kristenheit som hadde hatt innflytelse på samfunnet vårt og verda vår, og ikkje resten av oss som er kristne?
Hovudproblemet oppstår ved den intellektuelle kortslutninga Ystebø gjer når han hevdar at kristenfolket berre kan vinne gjennomslag for sine politiske kampsaker på høgresida i norsk politikk. Her finn ein riktig nok semje med Frp om Israel. Elles kan eg ikkje sjå at han finn semje for dei andre sakene han er opptatt av med verken Høgre, Frp eller Venstre.
I fleire av spørsmåla Ystebø er opptatt av er desse partia til og med meir verdiliberale enn venstresida – ulikt det mange i Ystebø sine kretsar tenker.
Men viss dette ikkje handlar om verdispørsmål, kva handlar det om då?
Ikkje så farleg
Skal vi tru fleire av talarane på Oslo symposium ser det ut til å handle om ein meir restriktiv innvandringspolitikk. Om lågare skattar og avgifter, mindre offentleg regulering. Typiske høgresaker og høgrepolitikk. Då er det kanskje ikkje rart gjengen bak Oslo symposium ser ut til å ivre for at Norge får ei regjering beståande av Høgre og Frp. For dette er eigentleg ein diskusjon om harde politiske realitetar forkledd i ei innpakning av snevre verdispørsmål.
Ystebø og hans folk ser altså ut til å meine at så lenge kristne får gjennomslag på Israel, ekteskapslov og abort, så kan vi gløyme resten av utfordringane i samfunnet.
For den galopperande økonomiske ulikskapen, både her heime og i Ystebøs føregangsland USA, ser ikkje ut til å bekymre.
Klimaendringane som trugar ei heil verd og som set tiår med utvikling i fare, er det heller ikkje så farleg med.
Den alt for strenge og restriktive asyl- og flyktningpolitikken bør helst bli endå strengare, for det er visst eit viktigare verdispørsmål at vi ikkje slepp til andre kulturar her i landet – enn å vise nestekjærleik med dei mest trengande på denne jorda.
Ureieleg
Sosial rettferd. Forrang for fattige. Solidaritet. Det felles beste for samfunnet. Kvifor er desse orda framandord i Ystebø og Oslo symposium sitt politiske vokabular? Dette er jo omgrep som har vore blant dei viktigaste i den kristne sosialetiske tenkinga dei siste hundre åra.
Det er i beste fall ureieleg å framstille politikken slik Ystebø gjer, i verste fall er det eit bevisst forsøk på å føre folk bak lyset. Uansett er det ein farleg veg å gå for eit kristenfolk i eit land, det å knytte livssynet sitt til visse politiske parti. Det gjer trua på ein allmektig Gud til ein politisk reiskap som brukast til å fremje eigne politiske preferansar.
For meg er det kristne livssynet mitt den viktigaste politiske motivasjonen eg har for å drive med politikk, men det gir meg aldri svar på kva politisk parti eg skal engasjere meg i eller kva eg skal meine om Nasjonal Transportplan.
Først publisert i Vårt Land, 07.03.17