Bibelord har inspirert til private og offentlege velferdsordningar
Både i innvandringsdebatten og i den aktuelle rom-debatten synest det som om både biskopar, Den norske kyrkja, KrF, Vårt Land, og dei fleste som slepp til med lesarinnlegg, er einsidig opptatt av humanisme og nestekjærleik, bokstaveleg talt utan grenser. Stundom blir engasjementet og argumentasjonen underbygd med bibelord, og dei finst det mange av, for både GT og NT oppmodar oss til å hjelpe framande, fattige, enkjer og farlause, og gjere mot andre slik vi vil dei skal gjere mot oss. Som moralsk rettesnor er alt dette gode reglar for korleis vi som einskildpersonar bør behandle medmenneska våre. Og bibelorda har også inspirert til tiltak mot fattigdom, klasseforskjellar og urimeleg ulikskap i vårt eige land og til å hjelpe naudlidande i andre land. Både velferdsstaten og utviklingshjelpa er ordningar med slikt føremål.
Lover må lagast med tanke på konsekvensane
Sjølv for kvar og ein av oss er det "over evne" å greie å leve etter Jesu ord i Bergpreika, men for ein stat er det heller ikkje tilrådeleg, i den grad bibelorda - der og andre stader - har relevans på dette nivået. Økonomisk utjamning og solidaritet synest dessutan berre å kunne realiserast innanfor nasjonalstatar, der folk identifiserer seg med og har tillit til kvarandre. Iallfall finst det ikkje eksempel på velferdsstatar i andre land til no. Men evna, motet eller realismen til å kunne skilje mellom "oss og dei", dvs eigne borgarar og folk frå andre land, ser ut til å mangle hos somme.Stortingsrepresentant for KrF, Kjell Ingolf Ropstad, skriv t.d. at "i et land som Norge burde det være mulig å hjelpe mennesker slik at de slipper å tigge" og "disse menneskene trenger vår hjelp, og da plikter vi å stille opp". Dette er demagogiske slagord, og ikkje forslag til realistiske, konkrete politiske tiltak, som nødvendigvis må vere avgrensa geografisk, sosialt og økonomisk.Dei kan ikkje gjelde alle, uavhengig av kva land folk høyrer heime i og kva kostnad dei vil føre til.
Strenge lover råkar individet; milde og velmeinande kan øydeleggje samfunnet
Med rette kritiserer vi islam som har lover og reglar for både privatliv og statsstyre. Mykje av kritikken går sjølvsagt på dei ekstremt strenge, ja, umenneskelege straffene som sharia føreskriv. Dei skader personar, men treng ikkje øydeleggje samfunnet. Ein kristeleg versjon av sharia, der bibelens ord om nestekjærleik skal realiserast uavkorta og grenselaust på samfunnsnivå, er derimot godt for ein del menneske på kort sikt, men vil relativt raskt øydeleggje den staten som prøver å praktisere det. Som ideologi er det derfor, om muleg, endå meir ekstremt enn muslimsk sharia.
Grensekontroll kan innførast på nytt. Innvandring er irreversibelt.
I praksis kan det likevel ikkje gå så langt, fordi oppslutninga om livsfjerne ordningar raskt vil forsvinne når ein ser følgjene av dei. Haldninga til romfolk, som tiggar og stundom stel og forsøplar, vil endre seg når mange nok har trakka i skit, sett naturperler i nærområdet bli brukt som søppelplass eller blitt fråstolne mobiltelefonar eller lommebøker. Då vil tiggarforbod tvinge seg fram, kanskje også grensekontroll og utmelding av Schengen-samarbeidet. Også utan slike tiltak vil talet på tiggarar før eller seinare avgrense seg sjølv, fordi det ikkje løner seg. Verre er det med innvandring, der det vil vere vanskeleg å ta statsborgarskapet frå dei som alt har fått det. Raseringa av velferdsstaten som vidare høg innvandring frå ikkje -vestlege, spesielt muslimske land, vil føre til, kan derfor gje ein irreversibel tilstand. I så fall har vi berre oss sjølve å klandre.
"Gje keisaren det som keisarens er." Luthers toregimentslære.
Når det gjaldt personlege formaningar, sette Jesus mangt på spissen. Men han baud ikkje styresmaktene å rette seg etter det han sa og skilde klart mellom omsynet til verdslege og åndelege autoritetar og rike: "Så gje då keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er", og "Mitt rike er ikkje av denne verda." Det er seinare fantastar som har prøvd å realisere gudsriket på jorda. Enten det var anabaptistane i München på 1500-talet eller nyare sekter og ideologiar, har draumen om det fullkomne samfunnet enda i terror og undertrykking. Multikulturalismen kan gå same vegen. Ikkje utan grunn heiter det at "vegen til helvete er brulagd med gode føresett". Luther var difor på trygg bibelsk grunn når han skilde mellom det verdslege og det åndelege regimentet. I dag synest det så viktig å pynte seg med ein from fasade at eg vil minne om eit anna ord frå bergpreika: "Akta dykk at de ikkje gjer dei gode gjerningane dykkar for augo på folk, så dei skal leggje merke til det." Og ingen "gjerningar" er lettare å pynte seg med enn korrekte og fine meiningar.