Tre lærdommar frå kristne i USA
Kva kan kristne nordmenn læra av fire pastorar som drøftar det amerikanske valet på ein evangelikal TV-kanal? I alle fall tre ting.
Matt og Laurie Crouch (t.v.) drøftar valet med Mike Huckabee (t.h.) i eit patriotisk pynta talkshowstudio på evangelikale TV-kanalen Trinity Broadcasting Network. Pastoren Alfonso R. Bernard er med på skjerm.
Skjermdump
Ann Kristin van Zijp Nilsen
Kommunikasjonsleiar og redaktør i Areopagos
Det er kvelden derpå etter valgdagen i USA. TV-ekteparet Matt og Laurie Crouch sit i eit patriotisk pynta talkshowstudio. Det er ei direktesending med amerikanske flagg og tittelen «We, the People», der dei drøftar valet i eit verdiperspektiv. Denne teksten handlar om kva dette programmet kan læra kristne nordmenn.