Verdidebatt

La meg sleppe å kjenne meg att heile tida

Ved å lese meg inn i andre sinn og tankar, oppdaga eg noko anna og ukjent.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Når folk debatterer i sterke ordelag, dukkar­ gjerne denne opp: Jeg kjenner meg ikke igjen i den virkelighetsbeskrivelsen ...

Formuleringa finst i ulike variantar, som denne: Jeg kjenner meg ikke igjen i det bildet som tegnes av ... Underforstått, det eg ikkje ­kjenner att, finst ikkje.

Debattar handlar jo ofte om å ha rett versjon av røynda, så her gjeld det å vere tettast på.

Det attkjennelege har i ulike samanhengar ein stor status, til dømes i kulturlivet. Ikkje så rart, då det å kunne kjenne seg igjen stadfestar eins eigen identitet. Bøker og filmar blir ofte rekna for å vere bra om mange kan kjenne seg att i tematikk og handling.

Betaler for strømmetjenester

Vi abonnerer i stor grad på musikk, film eller podcastar gjennom skreddarsydde tenester. Ein følgjer eit slags mønster der ein unngår søppel, men kanskje også ein del overraskingar. Det er ein del av det å navigere i eit stort og samansett landskap. Eg søker det som snakkar til meg, vil meg noko. Har leitinga etter det som snakkar til ein gjort det attkjennelege til sjølve meininga med kulturlivet? Skal det eg søker vere attkjenneleg for å vere gyldig?

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Det konforme snik seg gradvis inn i livet om ein ikkje passar på. Trongen til å finne seg sjølv igjen i eitt og alt fyller meg med ein følelse av at alt handlar om meg sjølv. Det er ei feilslutning. Å vekse opp med ein kultur som berre stadfestar vår eiga oppfatning av røynd og for så vidt vår eiga røynd, er innskrenkande og farleg.

Dessutan er det forferdeleg stressande å skulle kjenne seg att heile tida. Om eg i tillegg forstår alt folk seier, ja, om eg veit kva dei skal seie lenge før dei er ferdig ... Om alt eg ser og høyrer er kjent, om enn ikkje kjært, er det ikkje skremmande? Er det ikkje fælt?

LES OGSÅ: – Jeg var fin som jente, sier Luca. Gjennom hele barndommen kjente han seg som gutt.

I fare for å gløyme noko vesentlig

Om eg kjenner meg igjen i halvparten av det eg høyrer, burde det halde lenge.

Ein står i fare for å gløyme noko heilt sentralt og vesentleg, nemleg at det eg ikkje kjenner og ikkje ville kjenne att om eg såg det, finst i høgste grad utanfor horisonten.

Var det noko eg likte ved min barndoms bibliotekfilial var det rusket og rasket som fanst innimellom, bøker som nok ikkje var meint for ein som meg. Hyllene var ikkje særleg ryddige.

LES OGSÅ: «Filmen Alt det vakre viser på en uvanlig måte at kjærlighet varer lengst»

Slik blir livet rikare

Alle oppvekstar har noko kleint ved seg, men sjølv i den trongaste dal er det håp. Det finst eit slags bibliotek i alle kommunar. For meg sjølv var det nettopp ved å lese meg inn i andre sinn og tankar at eg oppdaga noko anna og ukjent. I tillegg var det byrjinga på ei stadfesting av sider ved meg sjølv som eg enno ikkje hadde oppdaga, det ukjende meg. Å oppdaga det ukjende, gir den enkelte større rom. Ein ser seg sjølv og sin eigen kultur utanfrå. Ein kan til og med bli mindre einsam.

Er det ikkje nettopp i møte med andre måtar å vere og tenke på at livet blir rikare?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt