Med eitt sit han der på parkbenken ved sida av meg. Hendene er svarte av skokrem, men ikkje så svarte som den strie luggen. Kleda er skitne av gatelivet her i Quito, kinna brende av Andesfjell-sola. «Lat meg få pussa skorne Dykkar», ber guten.