Spaltist

Tre lærdommar frå kristne i USA

Kva kan kristne nordmenn læra av fire pastorar som drøftar det amerikanske valet på ein evangelikal TV-kanal? I alle fall tre ting.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Kommunikasjonsleiar og redaktør i Areopagos

Det er kvelden derpå etter valgdagen i USA. TV-ekteparet Matt og Laurie Crouch sit i eit patriotisk pynta talkshowstudio. Det er ei direktesending med amerikanske flagg og tittelen «We, the People», der dei drøftar valet i eit verdiperspektiv. Denne teksten handlar om kva dette programmet kan læra kristne nordmenn.

LES OGSÅ: «Be før du stemmer» lyder oppfordringa. Slik prøver kristne leiarar å påverke USA-valet

Eit åndeleg spørsmål

«Kvart fjerde år ser det ut som at tru og kultur kolliderer, nokre gonger følest det som eit togkrasj. 2020 er nok eit slikt år», seier Matt Crouch og smiler. Han er president for den evangelikale TV-kanalen Trinity Broadcasting Network (TBN), som foreldra hans starta, og er programleiar saman med kona. I den tredje stolen sit Mike Huckabee. Han har eit populært politisk talkshow på same kanal, der Donald Trump får støtte. Huckabee er både pastor, republikansk politikar og tidlegare guvernør. Han er for dødsstraff og sterkt mot likekjønna ekteskap og lovleg abort – også etter incest eller valdtekt.

For han er presidentvalet eit åndeleg spørsmål.

«Ein må stemma bibelsk, seier han. Det er ufatteleg at «truande kristne skulle kunna stemma for ein politikk som tar livet til eit ufødt barn» eller som går mot «det bibelske synet på menneskeleg seksualitet». Herr og fru Crouch smånikkar med milde smil. Det ligg eit tydeleg konservativt premiss under samtalen.

Langs kvar si linje

Alle tre i studio er kvite. Men via ein stor skjerm deltar Alfonso R. Bernard frå New York. Han er afroamerikanar, fødd i Panama og oppvaksen i Brooklyn. Der er han pastor for ei megakyrkje med 40.000 medlemmar. Han er også republikanar, men ikkje glad i Trump – og har ei heilt anna tilnærming enn Huckabee.

Bernard er opptatt av at det amerikanske samfunnet ikkje kan styrast av ein ideologi. Det må sikra alle borgarar sine rettar og fridommar – til dømes når det gjeld ekteskap. Kristne er plikta til å leita etter det høgaste felles godet for alle, sidan dei skal elska nesten sin som seg sjølv. Dei er kalla til å skapa fred der han ikkje finst i utgangspunktet.

Huckabee og Bernard argumenterer langs kvar si linje, som ikkje møtest – før samtalen plutseleg endrar retning når Crouch spør: «Gud gav oss ikkje dei ti boda i prioritert rekkjefølge, og Jesus sa mellom anna at me skal gi dei svoltne mat og sørga for dei sjuke. For nokon av oss er det kanskje viktigare å verna det heilage menneskelivet enn å fø dei svoltne. Korleis kan ein prioritera mellom verdiar når ein stemmer?»

LES OGSÅ: «Hvordan kunne evangelikale støtte Trump? Noe av svaret ligger i den 'amerikanske religionen'»

Den norske kristenrøynda

Med eitt handlar samtaleprosjektet om å finna ut noko saman: Kvifor stemmer folk som les same bibel og går i same kyrkje heilt forskjellig? Newyorkaren viser korleis ulike levekår og føresetnader, til dømes fattigdom og rasediskriminering, gir ulike livserfaringar som slår ut når kristne stemmer. Forteljingar om slike kjensgjerningar fører linjene i samtalen saman og mot eit felles mål om å forstå meir og leva seg inn i andre sin situasjon.

Der er tre lærdommar frå samtalen i dette tv-studioet som kan overførast til den norske kristenrøynda. For djupe skiljelinjer finst her også. Meiningsytringar og standpunkt blir applauderte av «våre eigne», og raskt avviste av dei på den andre sida. Mistru og mistankar pregar mange diskusjonar.

Me, folket

Den første lærdommen frå TBN-showet er banal, men lett å oversjå: Bak eit program som heiter «We, the People» ligg openbart – uansett republikanske tilbøyelegheiter – ønsket om å bidra til å samla der det er splitting. Den viljen er ikkje sjølvsagt.

Den andre er korleis eit genuint spørsmål opnar samtalen: «Kva er det som gjer at folk ser så ulikt på dette?». Då kan me snakka om «brillene» me alle ser tilveret gjennom, som er skapt av erfaringar me har og ikkje har. Å få tilgang til andre sine erfaringar kan gjera det lettare å forstå synspunkta deira. Nyansar dukkar fram, og då kan ein sjå nye moglegheiter til å anerkjenna legitimiteten til andre sitt syn.

Den tredje lærdommen kjem frå Bernard. Han minner om at me ofte har dei same, grunnleggjande verdiane felles. Konfliktar oppstår gjerne fordi me prioriterer dei ulikt. Det interessante er kvifor den eine er øvst på di liste, men ikkje på mi. Like interessant er det korleis «me, folket» på trass av dette kan få til det høgaste, felles godet saman.

LES MER:

Trumps åndelige veileder kaller kreftene som jobber mot Trump «demoniske»

Slik vil Israel-politikken endre seg med Biden

Evangelikale latino-velgere hjalp Trump i Florida

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Spaltist