Mørkret frå Stortinget

No er det vanskeleg å sjå lyset frå dei store salane på Løvebakken. Derimot lyser det sterkt frå den folkelege mobiliseringa kring Arne Viste og Gunnar Stålsett.

– Mens SV tok kampen opp for alle ureturnerbare og stod løpet ut i stortingssalen torsdag, toa fleirtalet hendene sine, skriv Svein Helgesen, som etterlyser lysare politikk frå stortingssalen

Svein Helgesen

Tidlegare medlem av KrF

«Menneskeverdet er under press», sa Kjell Ingolf Ropstad for ein månad sidan. Vi treng ikkje dra langt for å finna bevis som stadfester dette. Det er nok å klatra opp på vårt eige glastak og sjå kritisk på oss sjølv: Lula Tekle har rusla tilbake til sin uverdige kvardag i hovudstaden. Framleis sit skuldlause barn i al-Hol. Framleis møter båtflyktningar i Middelhavet ei kald norsk skulder. Stortingsfleirtalet har sett godheitstyranniet ettertrykkeleg på plass. Kor finst det håp og lys i mørkret?

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS