Leder

Norges utanrikspolitikk står fjellstøtt

Etter valet av Trump er vår linje i utanrikspolitikken viktigare enn nokon gong.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Det er ingenting som tyder på at Donald Trump vil melde USA ut av Nato. Sabelraslinga hans om Nato hadde til hensikt å få europeiske allierte til å betale meir for eigen tryggleik. Der har situasjonen endra seg drastisk sidan fullskalainvasjonen av Ukraina i 2022. Europeiske land tar stadig tyngre ansvar for eigen tryggleik.

Det er likevel utrygge tider og uføreseieleg å vite kva som kjem. Vi veit ikkje korleis Trumps USA vil sjå ut, men sannsynet er langt større for at det vil ha negative konsekvensar for latinamerikanske borgarar i USA, dei han meiner er ulovlege innvandrarar, enn det vil prege forholdet til Nato. Som vi såg då Trump var president førre gong, vart forholdet til Nato handtert av klokt diplomati frå mellom andre dåverande Nato-leiar Jens Stoltenberg.

Samla europeisk maktfaktor

Resultatet kan bli, slik statsminister Jonas Gahr Støre sa onsdag morgon, at Nato-alliansen blir sterkare dersom dei europeiske landa må ta større ansvar for eigen tryggleik. Norsk utanrikspolitikk er allereie tett påkopla EU si linje. Det er klokt etter det amerikanske presidentvalet. Det er grunn til at den nye administrasjonen i USA vil presse på for ein handelskrig med Kina. Der har norske allierte på europeisk jord nok makt til å motstå presset, om desse landa står saman.

Spesielt viktig blir det å motverke den effekten Trump vil ha på autoritære leiarar verda over

Det er også trygt å vite at norske politiske leiarar på begge sider har prioritert å bygge relasjonar i miljøa rundt Donald Trump. Uavhengig av korleis presidentskapen til Trump vil utvikle seg, er det viktig for å ha ein linje inn til dei som bestemmer i Washington D.C.

Kamp om styreform

Der er grunn til å tru at autoritære leiarar verda over vil vere nøgde med Trumps siger. Behovet for å støtte opp mot demokrati over heile kloden, blir større. Der har Norge i årevis hatt ei linje om å bidra så mykje som vi kan. Det betyr også at støtta til Ukrainas fridomskamp må aukast, både militært og sivilt, for å motverke russiske offensivar. Det er ein kamp om kva styreform som skal prege vår verd. Norsk bistand til demokrati blir berre viktigare i åra framover.

Hovudlinjene i norsk utanrikspolitikk står derfor fjellstøtt – uavhengig av kven som er president i USA.




Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Leder