Dette er ein leder. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
I vår tid med aukande prestasjonsjag og stress blant unge, står folkehøgskulane som ein påle til kamp for eit anna samfunn.
Tidlegare i sommar melde Vårt Land at det også i år var ein svak nedgang i talet på elevar som søkte seg til folkehøgskulane. Sjølv om dei kristne folkehøgskulane opplever gode tal, er det synd at ikkje fleire unge får augo opp for skuleslaget. Forhåpentlegvis er trenden snudd etter fleire år med fallande tal.
Utvikle sosiale relasjonar
Det vil vere positivt, fordi folkehøgskulane er svaret på mange av spørsmåla vi stiller om vår ungdomsgenerasjon. Korleis skal dei få augo opp av skjermane? Korleis skal dei bli meir sjølvstendige og trygge? Korleis skal dei kjenne meistring framfor stress og press?
Midt i polarisering, identitetspolitikk og dårlege nyheiter, treng norske ungdommar folkehøgskulane meir enn nokon gong.
Folkehøgskulane handlar om å utvikle dei evnene samfunnet vårt verkeleg treng. Det handlar om at ikkje alt treng å vere så effektivt og så målorientert.
Til dømes handlar året på folkehøgskule om å utvikle og dyrke sosiale relasjonar. Alle som byrjar på ein folkehøgskule kan fortelje om at dei vart ein viktig del av fellesskapet, og at du blir sakna dersom du ikkje møter opp til timen. Det er vanskeleg å finne liknande høve til å høyre til andre stader i utdanningsløpet eller arbeidslivet. Ungdommane på folkehøgskule lærer seg å leve med ulike menneske med andre historier, bakgrunnar og livsval enn seg sjølv.
Medisin for samfunnet
Fleire har vore bekymra for at dyrtida har gjort det vanskelegare å søke seg til folkehøgskulane. Til det er det å sei at i Norge er det billeg å gå på folkehøgskule, om ein til dømes samanliknar med å studere. Utanom ein tusenlapp i månaden, blir folkehøgskulen dekka av stipend og lån.
Folkehøgskulane handlar om å ta eit steg tilbake, trekke pusten og utdanne unge menneske til å bli gagns menneske. Det handlar meir om danning, enn utdanning.
Midt i polarisering, identitetspolitikk og dårlege nyheiter, treng norske ungdommar folkehøgskulane meir enn nokon gong. Det må dei sjølv forstå, og dei vaksne må aktivt bidra til å støtte dei i valet om å ta eit år på folkehøgskule.