Leder

Gje oss fleire sesongar, NRK

Dei siste åra er det lite som har auka interessa for norsk politikk så mykje som NRK-serien «Makta». Vi vil ha meir.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Debatten om Makta har vore nesten like interessant å følgje som sjølve episodane.

Spesielt disputten mellom dei statsvitskaplege og historiske nestorane Bernt Hagtvet og Rune Slagstad i vekeavisa Dag og Tid, har mange følgd med stor interesse. Hagtvedt meinte TV-serien «reduserer politikarane til sjablongar», og at den bidrog til lite «anna enn å styrke fordomar». Den føyer seg inn i ein kritikk av fiksjon som ikkje behandlar verkelegheita på ein edrueleg måte.

Også i våre eigne spalter har det vore kritikk mot dei historiske framstillingane: Kommentator Erling Rimehaug meinte TV-seriens første sesong på sett og vis var sigerherrane si forteljing. Politisk redaktør Berit Aalborg skreiv om korleis den unge Gro Harlem Brundtland fekk ei naiv framstilling.

Forståeleg debatt

Det er eit forståeleg standpunkt å meine at TV-seriar bør vere historisk korrekte. Samstundes er det eit nesten umogleg krav å stille til kunst – som er det TV-serien faktisk er, til sjuande og sist.

Det er nettopp slike nasjonale leirbål som Makta NRK bør stable saman for det norske folk.

Slagstad framheva på si side at TV-dramaet gir «eit fascinerande innblikk i Machiavelli på norsk». Det er meint som eit kompliment. Med sine originale grep bidreg TV-serien til å auke vår felles forståing for korleis pølser og politikk blir til. Den erfarne historikaren er tydeleg oppglødd over TV-serien – med god grunn. Slagstad samanfattar Makta som «innsiktsgjevande underhaldande». Det er ei treffande skildring. Dersom vi ser bort frå debatten om historisk presisjonsnivå og omgang med fakta, er det mogleg å sjå Makta i eit større bilete.

Heile nasjonens leirbål

La det vere heilt tydeleg: TV-serien om Gro Harlem Brundtlands år i norsk politikk er noko av det beste som er sendt på norsk TV. Den har fenga hundretusenar av nordmenn på tvers av generasjonane. For mange er det kanskje første gong dei fattar interessa for vår relativt ferske politiske historie. Uansett er TV-serien dermed med på å auke engasjementet for norsk politikk. Den er samstundes med på å gjere folk si forståing av dei politiske prosessane betre. For å nå eit så breitt og stort publikum som Makta har fått, måtte den nødvendigvis vere underhaldande. Då kunne den heller ikkje vere heilt historisk korrekt.

No er det berre å håpe at NRK kjenner si vitjingstid, og set i gong produksjonen av fleire sesongar. Det er nettopp slike nasjonale leirbål som Makta NRK bør stable saman for det norske folk.


Vårt Land

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Leder