Leder

Ein hyllest til Bjørnar Moxnes

Det er førebiletleg av Raudt-politikaren å vere så open om sine psykiske problem. Han har allereie tatt konsekvensane av handlingane ved å trekke seg. No treng Moxnes støtte og omsorg, ikkje fordømming.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Denne veka vart det kjend at tidlegare Raudt-leiar Bjørnar Moxnes innrømmer fem nye tjuveri. «Det er skikkelig vanskelig å innrømme for meg selv og alle andre at jeg har et psykisk helseproblem», sa Moxnes til VG.

Då det i sommar vart avslørt at Bjørnar Moxnes hadde stole eit par solbriller frå ein butikk på Oslo lufthamn, enda det med at han måtte trekke seg som partileiar. Det heile var vanskeleg å forstå. Korleis kunne ein erfaren og godt likt politikar som Moxnes ofre heile si politiske karriere for noko så lite?

No forstår vi meir av Moxnes si personlege krise.

Rett av Moxnes å trekke seg

Det er rett at leiarar og politikarar blir stilt til ansvar for handlingane sine. Det var rett av Bjørnar Moxnes å trekke seg som partileiar etter solbrille-tjuveriet i sommar.

Så er det viktig for alle å ta vare på mennesket oppi denne triste situasjonen. Vi skal fordømme handlinga, ikkje personen.

Det er verd å hugse den gode leveregelen: Mange menneske kjempar ein kamp du ikkje veit om. Ver snill, alltid.

Det er openbert at Bjørnar Moxnes sine tjuveri botnar meir i psykiske problem, enn i noko form for vinning. Tjuveria står som klare eksempel på sjølvdestruktiv åtferd.

Bjørnar Moxnes fortener no hyllest for å vere open om problema sine.

Det kostar å vere open, erkjenne alvoret og ta ansvar på den måten Moxnes no gjer. Det er vanskeleg nok for mange å innrømme eigne problem for seg sjølv. Å attpåtil fortelje det til heile Norge er nok særs krevjande.

Ingen menneske er uovervinnelege

Sjølv om partiet Raudt har mange standpunkt vi ikkje kan støtte, er det imponerande å sjå kva Moxnes har fått til med det som lenge var ei branntomt på ytre venstre flanke av norsk politikk.

Han har vore ein av dei mest offensive og solide partileiarane i norsk politikk. I førre stortingsval sikra han framtida til partiet ved å få inn ei rekke lovande talent på Stortinget. På meisterleg vis klarte han til og med å snu partiets standpunkt i spørsmålet om våpenhjelp til Ukraina. Det betyr også at han har stått i ei krevjande rolle i lang tid.

Med mange imponerande politikarar er det lett å gløyme at ingen menneske er uovervinnelege. Heller ikkje Bjørnar Moxnes.

Det er verd å hugse den gode leveregelen: Mange menneske kjempar ein kamp du ikkje veit om. Ver snill, alltid.

Bjørnar Moxnes er framleis ein relativt ung politikar og er vald inn på Stortinget til 2025. Vi gjer alle klokt i å la han få høve til å ta tak i problema sine og kome tilbake til arbeidet i norsk politikk.




Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder