Leder

Vårt Land meiner: Belarus i hendene på Putin

Dei siste meldingane om at Russland og Belarus har signert avtale om utplassering av atomvåpen, viser for alvor korleis Putin-regimet har festa grepet om den mindre naboen i vest. Vesten må halde fram å støtte opposisjonen.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

I april opplyste den russiske presidenten Vladimir Putin at Russland ville utplassere taktiske atomvåpen i Belarus. Torsdag melde det russiske nyheitsbyrået Tass at avtalen var underteikna. Ifølgje styresmaktene i Minsk har belarusiske soldatar allereie fått opplæring i bruk av Iskander-systemet som kan fyre av rakettar med atomstridshovud.

Putins plan om overtaking

Viktigare enn det varsla samarbeidet om atomvåpen, er det at saka illustrerer korleis Belarus har hamna heilt i hendene på Putin-regimet. Vladimir Putin har sjølv samanlikna seg sjølv med den tidlegare russiske tsaren og imperiebyggjaren Peter den Store. I eit internt notat frå Kreml som vart lekka tidlegare i vår, kom det fram detaljerte russiske planar for å ta over kontrollen over nabolandet Belarus. I notatet kom det fram at planen likna den Kreml hadde for Ukraina.

Som Nobelkomiteen tydeleg viste då dei gav fjorårets pris til representantar frå både Russland, Belarus og Ukraina, heng utviklinga i desse tre landa tydeleg saman. Alle stader vert det kjempa ein livsviktig kamp mot Putin-regimets undertrykking.

—  Vårt Land

Det kom også fram at planen inneheld ei fullstendig russifisering av det belarusiske samfunnet, i tillegg til å redusere påverknaden frå belarusiske nasjonalistar og pro-vestlege krefter i Minsk. Alle delar av det belarusiske systemet – med alt frå politikk, finans, næringsliv og utdanningssystem – ville bli fullt integrert i Russland. Den belarusiske hæren ville bli ein del av dei russiske væpna styrkane.

Slik sett er nyhenda om atomvåpen-samarbeidet mellom Belarus og Russland ei stadfesting om at Putin er i ferd med å sette planane i verk.

Hald fram med støtta til opposisjonen

For den modige og demokratiske opposisjonen i Belarus er utviklinga dårleg nytt. Mange har kjempa mot diktaturet til Aleksandr Lukasjenko sidan 1994 i det som har blitt kalla Europas siste diktatur. Fredsprisvinnaren Ales Bjaljatski sit framleis fengsla i Minsk, saman med andre viktige representantar for det belarusiske sivilsamfunnet.

Vestlege land må sanksjonere Putins framferd i Belarus og ikkje gløyme utviklinga der, trass i at krigen rasar lenger sør i nabolandet Ukraina. Det er viktigare enn nokon gong å gje støtte til kreftene som kjempar mot. Som Nobelkomiteen tydeleg viste då dei gav fjorårets pris til representantar frå både Russland, Belarus og Ukraina, heng utviklinga i desse tre landa tydeleg saman. Alle stader vert det kjempa ein livsviktig kamp mot Putin-regimets undertrykking.



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder