Leder

Vårt Land: Verdssamfunnet må alltid straffe krigsbrotsverk

Krigsforbrytarar som slepp unna straff, held valdsspiralen gåande. Det vitnar dei drepne sivile mellom Sudans krigførande partar om – over tjue år etter folkemordet i Darfur.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Kampane mellom regjeringsstyrkane i Sudan og den paramilitære gruppa Rapid Support Forces (RSF), har halde det gåande meir eller mindre sidan 15. april. Fleire hundre sivile er drepne, endå fleire skadde og over 800 000 er tvungne på flukt av kampane.

Kva handlar konflikten eigentleg om, har mange spurt seg. Historia er lang og komplisert. Då Darfur-konflikten starta i 2003 – ein region på storleik med Spania vest i Sudan – ar det hovudsakeleg ikkje-arabiske stammar som tok til våpen mot dei arabisk-leia regjeringa i Khartoum. Dei skulda regjeringa for diskriminering.

Erfaringane frå Darfur

Den paramilitære gruppa RSF har sitt utspring i den frykta og omsynslause Janjaweed-militsen som herja – på oppdrag for regjeringa mot opprørarane – i Darfur. Her stod denne militsen for omfattande, systematiske og grove krigsbrotsverk. Dei drap, rana og voldtok sivilbefolkninga, medan dei også brann ned landsbyar. I 2004 erklærte amerikanske styresmakter katastrofa i Darfur for eit folkemord.

Med særs få unntak hra ingen av dei ansvarlege for folkemordet i Darfur eller andre grove krigsbrotsverk i Sudan har blitt stilt til ansvar. Dei har tvert om fått halde på med ugjerningane sine.

—  Vårt Land

Militsen Janjaweed utvikla seg etter kvart til den paramilitære gruppa RSF. Dei heldt fram med å terrorisere sivile i Darfur lenge etter at verdssamfunnet tok bort flomlyset.

Krigsbrotsverk er blant det verste menneske kan bli dømt for. Likevel skjer dei i mange land kvart einaste år, utan at nokon blir stilt til ansvar for det.

Vondskapen får halde fram

I Sudan vart den dåverande presidenten Omar al-Bashir skulda for folkemord, krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeheita av Den internasjonale domstolen i Haag – populært kalla Krigsforbrytardomstolen. Først i februar 2020 – etter statskuppet og lovnaden om demokratiske reformar i Sudan – vart det erklært at Bashir skulle bli overlevert til den internasjonale domstolen.

Med særs få unntak har ingen av dei ansvarlege for folkemordet i Darfur eller andre grove krigsbrotsverk i Sudan har blitt stilt til ansvar. Dei har tvert om fått halde på med ugjerningane sine. Det har i seg sjølv vore med på å danne grunnlag for meir vald – og den blodige konflikten som no herjar landet igjen.

Det viser – som vi har sett med andre eksempel frå land som Russland og Myanmar – at det er ekstremt viktig å stille ansvarlege for krigsbrotsverk til ansvar for ugjeringane sine så tidleg som mogleg etter at handlingane har skjedd. Viss ikkje risikerer vi at vondskapen får halde fram.



Vårt Land

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Leder