Leder

Vårt Land: Krystallklart at Stoltenberg ikkje er nokon krigsforbrytar

Våpendiskusjonen på Raudts landsmøte viste korleis konspirasjonsteoriar og farleg retorikk er florerer ytst på venstresida i norsk politikk. Partileiar Bjørnar Moxnes må rydde opp, viss andre skal ta Raudt på alvor.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

I helga stemte Raudts landsmøte for å støtte Ukraina med norske våpen. Sjølv om det skjedde over eit år etter at resten av partia på Stortinget kom til same konklusjon, var det viktig for å sikre tverrpolitisk støtte til Ukraina i norsk politikk.

Likevel var det urovekkande å følge debatten før avstemminga. Der vart det mellom anna sagt at «eg er ikkje einig med regimet i Iran i mykje, men eg er einig i at USA er ‘Den store satan’ i verda i dag». Fleire omtalte også tidlegare Ap-leiar og statsminister Jens Stoltenberg som «krigsforbrytaren».

Verkelegheitsfjern retorikk

Ein av dei som brukte omgrepet om Stoltenberg, var Raudt sin mektige gruppeleiar i Oslo bystyre – Siavash Mobasheri. Det skapte naturlegvis reaksjonar i Arbeidarpartiet, der retorikken vart omtalt som «verkelegheitsfjern». Likevel fekk det støtte av partileiar Bjørnar Moxnes, som meinte «det må være greit å påpeke». Moxnes grunngjev det med at Stoltenberg sendte femten norske F-16-fly til Libya i 2011 for å sleppe 588 bomber.

Slik retorikk må aldri bli stoverein i norsk politikk

—  Vårt Land

La det vere krystallklart: Jens Stoltenberg er ingen krigsforbrytar. Tvert om konkluderte ein gjennomgang av bombinga av Libya med at Norge heldt seg innanfor mandatet frå FNs tryggleiksråd.

Folkerettsekspertane Cecilie Hellestveit og Camilla Guldahl Cooper sa også tydeleg til Aftenposten i helga at det ikkje finst argument for å omtale Stoltenberg som krigsforbrytar. Dersom det skulle vore grunnlag for å kalle Stoltenberg for krigsforbrytar, ville han måtte ha vore ansvarleg for brot på FN-pakta. Gjennomgangen av Libya-krigen viste at slike brot ikkje har skjedd. Sjølv ved brot ville ikkje Stoltenberg automatisk ha vore krigsforbrytar.

Farlege konspirasjonsteoriar

Hellestveit sa mellom anna at politikarar må tole å vere usamde med kvarandre utan å dra «krigsforbryterkortet»: «Det blir litt som å kalle noen som ikke har drept noen, for en drapsmann. Politikere må skille mellom regelbrudd og politikk».

Det er skremmande å sjå kor lite faktabasert argumentasjonen til viktige politikarar i Raudt er. Dersom Bjørnar Moxnes vil at partiet hans skal bli tatt på alvor av andre parti og veljarar, må han sørge for å rydde bort konspirasjonsteoriane som florerer i eige parti. Måten norske politikarar snakkar om kvarandre er viktig for kva politisk klima vi skal ha.

Slik retorikk må aldri bli stoverein i norsk politikk.






Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder