Leder

Vi har svikta syrarane

Det blir ikkje stort tydelegare korleis verdssamfunnet har svikta folket i Syria, enn dei grufulle bileta frå jordskjelvet nordvest i landet.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

I år er det 12 år sidan starten på borgarkrigen som reiv Syria frå kvarandre. Millionar av syrarar har flykta frå landet, og mange av dei var i grenseområda på tyrkisk side der jordskjelvet ramma hardast for ei veke sidan. I den opprørskontrollerte delen av Syria, nordvest i landet, er naudhjelp sett på vent. Problemet har vore at ei opprørsgruppe ikkje har villa gje grønt lys. I mange område har det ikkje komme hjelp utanfrå, og folk har døydd under bygningsmassane — folk som kunne overlevd med tilstrekkeleg hjelp.

50.000

Først tre dagar etter jordskjelvet kom den første hjelpa fram til område kontrollert av opprørarane i Syria. FNs nødhjelpssjef, Martin Griffiths, meiner syrarane med rette kan kjenne seg forlatne, og kallar situasjonen i Syria ein fiasko.

I skrivande stund er det stadfesta at minst 35.000 omkom i jordskjelvet som ramma Syria og Tyrkia. Fordi situasjonen i det krigsherja landet er så uoversiktleg, fryktar FN no at dødstala er mykje høgare. Griffiths meiner så mange som 50.000 menneske kan ha døydd.

No varslar FN at dei kjem til å be medlemslanda om ein tre månader lang FN-operasjon i både Syria og Tyrkia, for å bistå landa etter jordskjelvet.

For Syrias del er det for lite og for seint

Det er grunn til å spørje kor det internasjonale samfunnet har vore i elleve år. Det er nesten uforståeleg å sjå kor systematisk syrarane har blitt svikta. Ein del av det handlar om storpolitikken, der Russland brukte sin tette allianse med Syrias president Bashar al-Assad til å bombe syriske byar til ruinar. Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan har heller ikkje spela ei konstruktiv rolle, ettersom han har brukt store militære ressursar mot nordaustlege delar av Syria dei siste åra.

For lite for seint

At det etter så lang tid ikkje har komme i stand ei fredsavtale eller ein plan for eit Syria etter borgarkrigen, viser kor fastlåst situasjonen er i internasjonal politikk om dagen.

Likevel er det folket nordvest i Syria som må betale prisen, ettersom ingenting fungerte då jordskjelvet trefte. No varslar FN at dei kjem til å be medlemslanda om ein tre månader lang FN-operasjon i både Syria og Tyrkia, for å hjelpe landa etter jordskjelvet.

For Syrias del er det for lite og for seint.

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Leder