Leder

Vårt Land meiner: Joe Biden bør ikkje stille til val på nytt

Det demokratiske partiet i USA bør sjå seg om etter ein ny presidentkandidat.

Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innholdet.

I USA stormar det nå rundt hemmelegstempla dokument funne heime hos president Joe Biden og på eit kontor han disponerte. Dokumenta er frå tida han var visepresident for Barack Obama.

Stormen vil truleg blåse over, men demokratane vil sitje att med riper i lakken.

Inga ny Trump-sak

Fleire samanliknar nå dokumentskandalen med Donald Trump som tok med seg fleire hemmelegstempla dokument til eigedomen i Mar-a-Lago i Florida etter han tapte valet i 2020.

Men i motsetnad til Donald Trump, har Joe Biden varsla at han vil samarbeid fullt og heilt med etterforskinga. Han seier han er overraska over funna.

Ein gjennomgang New York Times har gjort, viser klare ulikskapar mellom dei to tilfella.

Justisminister Merrick Garland har nå bedt ein spesialetterforskar sjå på saka til Biden. Ut frå det som er komme fram til no, er det grunn til å tru at saka vert lagt bort.

Likevel bør Biden ikkje ta attval i 2024.

Vil vere 86 år gamal som president

I 2020 vann 78-åringen Joe Biden presidentvalet som den soleklart eldste presidenten i amerikansk historie.

Dersom han skulle gå på ein ny periode, vil han vere 86 år gamal når han går av. Historia viser at den andre periode er langt tøffare for presidentar som blir attvald.

Det er godt mogleg Biden vil vere i god helse som 86-åring, men spekulasjonane rundt helsa vil truleg overskygge hans andre presidentperiode.

Presidenten må nå svare for kvifor han ikkje hugsar at han oppbevarte hemmelegstempla dokument heime. I ein eventuell andre periode vil spekulasjonane truleg auke på.

Vil han vere skikka til å reise på toppmøte og forsvare amerikanske interesser i utlandet?

Vil han vere skikka til å reise på toppmøte og forsvare amerikanske interesser i utlandet? Vil han ha den hukommelsen som skal til for å lose lovforslag gjennom Kongressen?

Motstandarane vil kunne vise til at demens ifølgje studiar råkar 20 prosent av personar over 85 år.

Demokratane må fornye seg

Donald Trump har sagt at han vil stille til val i 2024, og målingar tyder på at han vil bli nominert.

Det vil vere ei stor ulukke om Trump vinn valet. Målingar viser at Joe Biden kan slå Trump også i 2024. Ein god visepresident vil kunne styre landet dersom Bidens helse skulle svikte.

Men før eller seinare må demokratane fornye seg. Å ha ein “reserve” klar som vise-president, er inga varig løysing. Stadige spekulasjonar rundt Bidens helse vil svekkje partiet. Demokratene har tid til å nominere ein ny kandidat før valet i 2024.

Biden bør sende signal om at andre må sleppe til.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder