Leder

Skivebom frå Raudt

Å trekke linjer mellom masseskytinga ved London Pub og verdidokumentet til NLA Høgskolen, er skivebom. Det er også Raudt sitt forslag om å trekke statsstøtta frå utdanningsinstitusjonar partiet er usamd med.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Det var onsdag denne veka under Stortingets munnlege spørjetime at utdanningspolitisk talsperson i Raudt, Hege Bae Nyholt, utfordra statsråden for høgare utdanning, Ola Borten Moe. Ho meinte at verdidokumentet til NLA Høgskolen er så diskriminerande at institusjonen bør miste 315 millionar kroner i statsstøtte.

Stortingsrepresentanten spurde Borten Moe om han ville endre verdidokumentet, eller vurdere statsstøtta. I Norge er det heldigvis slik at ein statsråd ikkje kan gå inn og detaljstyre institusjonar for høgare utdanning på den måten.

Ting vi ikkje likar

Raudt-politikaren sa mellom anna at «vi har religionsfrihet i Norge, men den gir ikke hvem som helst rett til å utdanne lærere. Alle som jobber med barn og unge er forpliktet til å sikre barns rett til et ikke-diskriminerende miljø».

Raudt bør revurdere synet på akademisk fridom, religions-, tanke- og ytringsfridom i lys av denne opptredenen.

—  Vårt Land

Det er i og for seg rett. Borten Moe viste derfor òg til at direktoratet Nokut har gjennomgått NLA Høgskolens verdidokument, og dermed høgskulens akkreditering. Nokut har mellom anna vurdert om det kristne verdigrunnlaget står i motsetnad til akademisk fridom. Styret i Nokut konkluderte i fjor med at det ikkje er påvist brot på NLA si plikt til å fremme og verne om akademisk fridom. Statsråden minna likevel om at Nokut likevel kom med «henstillinger som institusjonen burde lytte til og ta med videre i arbeidet. Jeg forutsetter at NLA vurderer de rådene de har fått».

Det signalet frå Borten Moe bør NLA Høgskolen merke seg.

Det sentrale er likevel at politikarar ikkje kan forby meiningar, haldningar eller verdiar dei ikkje likar. NLA Høgskolen kan drive utmerkt akademisk verksemd og utdanne lærarar på ein god måte, men likevel stå for andre verdiar enn Raudt.

Malplassert

Då Bae Nyholt snakka om masseskytinga «som skjedde ikke mange steinkast fra Stortinget». Ho meinte vidare at det må vere akseptabelt at dei folkevalde diskuterer verdiar og signal – både til NLA og skeive. Å sette diskusjonen om NLA Høgskolens verdidokument inn i same kontekst som masseskytinga ved London Pub i juni, er skivebom og fullstendig malplassert.

Representant Bae Nyholt frå Raudt er Stortingets mektigaste utdanningspolitikar, med leiarvervet i Utdannings- og forskningskomiteen i nasjonalforsamlinga. Derfor er signala ho kom med denne veka alvorlege. Raudt bør revurdere synet på akademisk fridom, religions-, tanke- og ytringsfridom i lys av denne framferda.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder