Eit kaldare Sverige

Eit kaldare Sverige

Sverigedemokraterna får minst ei hand på rattet i styringa av Sverige.

Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innholdet.

Måndag presenterer leiar av Moderaterna, Ulf Kristersson, si regjering med statsrådar frå Liberalerna og Kristdemokraterna. Det høgrepopulistiske partiet skal ikkje i regjering.

Men med 20 prosent av veljarane i ryggen, er det Jimmie Åkesson og Sverigedemokraterna som har staka ut den nye kursen på viktige felt.

«Eit paradigmeskifte», sa Åkesson fredag.

Snur opp ned på Sveriges haldning til flyktningar

Samarbeidsplattforma mellom dei fire partia, Tidö-avtalen, går blant anna inn for kraftige kutt i svensk bistand, dramatisk reduksjon i talet på kvoteflyktningar og innstramming i familiegjenforeining.

Det skal innførast doble straffer for gjengkriminelle. Og gjengmedlemmar skal kunne nektast å oppsøkje visse område i ti år etter fengselsstraffa er sona ferdig.

I avtalen heiter det at svensk asylpolitikk på ingen område skal vere meir sjenerøs enn det som Sverige er forplikta til gjennom EU og internasjonale avtaler.

Det er milevis unna lina til tidlegare statsminister Fredrik Reinfeldt, også han frå Moderaterna, som bad svenskane opna hjarta sine for folk på flukt.

Rett nok har fleire parti lagt om innvandringspolitikken dei siste åra.

Å kalle dette eit paradigmeskifte for Sverige, ei grunnleggjande omveltning av det svenske samfunnssynet, er ikkje å ta for hardt i.

Men å kalle dette eit paradigmeskifte for Sverige, ei grunnleggjande omvelting av det svenske samfunnssynet, er ikkje å ta for hardt i.

Kviler stort ansvar på partia som tok SD inn i varmen

Det er fullt forståeleg at Sverige må gjere noko med kriminalitetsproblemet. Men vi meiner at regjeringsplattforma vil gjere det svenske samfunnet kaldare.

Å endre Sverige vil ta tid. Fleire forslag frå samarbeidsavtalen, som å utvise gjengmedlemmar utan dom, skal greiast ut.

Det er sjølvsagt fullt mogleg å slå ned på kriminalitet utan å kutte i bistand.

I sommar fortalde leiar for Kristdemokraterna, Ebba Busch, Vårt Land om kampen for sine saker i eit samarbeid med SD. I Liberalerna er det allereie strid om samarbeidsavtalen.

Testen for begge kjem når Åkessons samfunnsomvelting skal setjast ut i live.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder