Leder

Få politiet ut på vegen

Det fins knapt viktigare ting å drive med for politiet, enn å stoppe ulykkessommaren på vegane. Bruken av gjennomsnittskontrollar bør òg aukast kraftig.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Samanlikna med i fjor er talet på drepne i trafikken alarmerande høgt. Totalt 72 personar har mista livet i trafikken så langt i år, mot 40 i same periode i fjor. 27 av desse mista livet i sommar, og berre sidan mai er talet 48. Uansett er kvar person som blir drepen i trafikken, ein for mykje. Samstundes veit vi mykje om kva som kan redusere ulykkene der promille, mobilbruk, bilbelte og fart speler ei rolle.

Utrykkingspolitiet seier dei har møtt dei høge ulykkestala med fleire kontrollar. Det er positivt, men vitnar òg om ei altfor defensiv haldning. Frå før veit vi at politikontrollar har både ei avskrekkande og preventiv verknad på bilistane. Der det er fartskontrollar, går farten ned. Det same gjeld på promille, mobil- og bilbeltebruk.

For seint etterpå

Det er for seint å gjennomføre fleire politikontrollar – både av fart, bilbelte, mobilbruk og promille – etter at ulykkene har skjedd. For å nå nullvisjonen i trafikken, må politiet bruke større del av ressursane på denne jobben kontinuerleg, som til dømes i opptakten til sommarferien eller andre tidspunkt der trafikken er venta å auke mykje.

Politiet bør ikkje spare på ressursane til å gjennomføre kontrollar i trafikken før nullvisjonen er nådd.

Støre-regjeringa bør rette opp i denne feilen, sporenstreks få på plass fleire gjennomsnittskontrollar på norske vegar. All kunnskap vi har om feltet, tyder på at det reddar liv.

—  Vårt Land

Ein stor politisk feil, som påviseleg har effekt for talet på trafikkdrepne, er den politiske uviljen til å ta i bruk automatiske gjennomsnittskontrollar.

Det er utvilsamt eit av grepa som har hatt best effekt i kampen mot drepne i trafikken. Det har ført til redusert fart for bilane der automatisk strekningskontroll er innført, særleg for dei mest grove råkøyrarane, og dermed langt færre drepne og hardt skadde. Berre viss bilen braut fartsgrensa, blir bileta lagra.

Støre-regjeringa må rette opp

Dåverande samferdselsminister, Jon Georg Dale, fekk sommaren 2019 gjennomslag for å avgrense bruken av slike kontrollar – trass i at det var eit av dei viktigaste trafikktryggleikstiltaka. Dåverande sjefingeniør i Statens vegvesen sa då at «dette er et typisk tiltak som virker, og hvis regjeringens syn får gjennomslag, har vi et virksomt tiltak som vi ikke får lov til å bruke mer av».

Støre-regjeringa bør rette opp i denne feilen, sporenstreks få på plass fleire gjennomsnittskontrollar på norske vegar. All kunnskap vi har om feltet, tyder på at det reddar liv.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder