Leder

Norge må kritisere Kina

Kina driv den største masseinterneringa sidan holocaust, men møter ingen offentleg kritikk frå Norge. Det kan ikkje halde fram.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Det var denne veka at Aftenposten, BBC og fleire internasjonale medier publiserte fleire tusen filer og dokument frå ein hackar – henta frå politiservarar i Xinjiang-provinsen i Kina. Avsløringa viser korleis kinesiske leiarar er direkte involvert i masseinterneringa av mange hundre tusen uigurar og andre muslimar i den austlege provinsen.

Menneskerettsorganisasjonar fryktar at så mange som ein million uigurar er arresterte i Kina, og USA har omtalt behandlinga dei får som eit kulturelt folkemord. I dokumenta og bileta som er lekka kan ein sjå bevis på den umenneskelege behandlinga uigurane får i den kinesiske fangeleirane. Vaktene har mellom anna fått ordre om å skyte, eller drepe, viss nokon forsøker å rømme.

Bruk av tortur

I leirane føregår det omfattande tvangsarbeid og ideologisk omskulering. Det er tøffe og dårlege forhold, noko som kjem fram i dei nye avsløringane. På bileta kan ein òg sjå eksempel på bruk av tortur mot uigurane som vert haldne fanga.

Fleire land har reagert skarpt på avsløringane i dokumentlekkasjen frå Xinjiang. Den tyske utanriksministeren har bedt om gransking. Kritikken har òg vore sterk frå regjeringane i Storbrittania, USA og fleire andre land.

Stillheita kan bli oppfatta som eit svik mot uigurane som vert utsett for fangenskapen og torturen i dei kring 400 fangeleirane – og bidra til at overgrepa kan halde fram

—  Vårt Land

Frå Norge har det derimot vore stille. Det same var tilfelle under den førre regjeringa. Ingenting tyder på at Norge nyttar høvet til å konfrontere det kinesiske diktaturet med det som berre kan omtalast som eit av dei største og verste overgrepa på menneskerettane vi har sett på fleire tiår.

I Utanriksdepartementet og i regjeringa vert det ofte argumentert med at ein kan få til større forandring med å ta slike saker på bakrommet eller i lukka, bilaterale samtalar. Problemet med ein slik tankegang er berre at autoritære statar som Kina er meir opptekne av omdømet sitt enn nokon gong. Derfor vil fleire hevde at tøffare, offentlege konfrontasjonar kan ha verdi for å stigmatisere dei grove menneskerettsbrota.

Overgrepa får halde fram

Etter normaliseringsavtala med Kina i 2016, har Norge gått med på respektere «Kinas territorielle integritet». Dermed set Norge økonomiske interesser – som eksport av norsk laks – framfor meir overordna utanrikspolitiske mål om å bygge respekt for menneskerettane.

Regjeringa kan ikkje halde fram med å vere tause om dei grove menneskerettsbrota i Xinjiang. Det kan bli oppfatta som eit svik mot uigurane som vert utsett for fangenskap og tortur i dei kring 400 fangeleirane – og bidra til at overgrepa kan halde fram.





Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder