Leder

Modig oljeforbod i EU

EUs vedtak om å fase ut russisk olje innan 2022 er tøft, modig og naudsynt.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Onsdag bestemte EU å trappe opp sanksjonane mot det russiske regimet som driv ein folkerettsstridig krig i nabolandet Ukraina. Russiske styrkar og politiske leiarar har allereie gjort seg skuldige i grove krigsbrotsverk, og rapportar tyder på endå meir alvorlege brotsverk.

Onsdag føreslo EU-kommisjonen at sanksjonane skulle innehalde eit oljeembargo mot Russland, som i praksis betyr forbod mot all russisk olje i Europa innan slutten av 2022. Det omfattar både olje som vert frakta til havs og gjennom røyrleidningar. Vedtaket kjem trass i at nokre av medlemslanda er sterkt avhengige av olje frå Russland. Derfor er det eit modig forslag av EU-kommisjonen. «Men vi må simpelthen gjøre det», seier EU-kommisjonens president, Ursula von der Leyen.

Ungarn varslar veto

Utfasinga er rett, fordi russisk petroleumseksport står for ein så stor del av inntektene regimet er avhengig av for å halde krigen gåande i Ukraina.

Internt i unionen er det likevel fleire som er kritiske til forslaget. Medlemslandet Ungarn har allereie varsla at dei vil legge ned veto mot forslaget. I dei indre sirklane i Brussel vert det snakka om at land som Ungarn og Slovakia moglegvis vil få unntak frå importforbodet, då desse landa får så og sei nesten all olja si frå Russland. Ungarn har uttalt at dei ikkje ser noko plan eller garanti for korleis ein overgang kan bli handtert på grunnlag av forslaget.

Kanskje fører ikkje sanksjonane til endring i Moskva med ein gong, men for kvar dag som går vil sanksjonane ramme det russiske leiarskapet hardare

—  Vårt Land

Det er viktig at sanksjonane mot Russland vert trappa opp. I sanksjonspakka som EU-kommisjonen la fram onsdag er det òg sterkare lut mot fleire russiske personar, som militæroffiserar og patriark Kirill – den øvste leiaren for den russisk-ortodokse kyrkja.

Vil skape endring

Også dei ansvarlege for krigsbrotsverka i massakren på Butsja, bydelen utanfor Kyiv. Slik viser EU at dei veit kven gjerningsmennene er, og at dei vil bli halde ansvarlege. I tillegg blir fleire av dei store russiske bankane stengt ute av det internasjonale betalingssystemet Swift.

Kanskje fører ikkje sanksjonane til endring i Moskva med ein gong, men for kvar dag som går vil sanksjonane ramme det russiske leiarskapet hardare.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder