Leder

Norge må stille opp for ukrainarane

Dersom Ukraina vert invadert av Russland, må Norge stille opp militært og humanitært for ukrainarane.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Det er kanskje ikkje så lett å ta innover seg konsekvensane av ein krig på europeisk jord. Dersom Russland invaderer Ukraina, vil det bety store tap av menneskeliv, kanskje titusenvis. Det vil også bety store menneskelege lidingar, enorme humanitære behov og ein flyktningstraum Europa ikkje har sett på fleire tiår. Med sine 42 millionar innbyggarar er Ukraina eit stort land i Europa, med konsekvensane ein krig vil få for kontinentet.

Rask russisk okkupasjon

Kjelder i amerikansk etterretning har åtvara mot at eit angrep kan skje allereie denne veka, viss det i det heile tatt skjer. Det er sannsynlegvis ingen andre enn Vladimir Putin sjølv som veit om eit angrep vil komme, og når det skjer.

Dersom russarane går til angrep, bør Norge og andre vestlege allierte av Ukraina stille opp for det ukrainske folket. Flyktningane må få kome til europeiske land, og den humanitære hjelpa til ukrainarane må vere massiv. Som ei humanitær stormakt kan og bør Norge ta ei viktig leiarrolle.

—  Vårt Land

Viss det skjer, er det sannsynleg at det russiske militæret vil vere heilt overlegne det ukrainske forsvaret. I ein slik situasjon vil Ukraina bli okkupert på særs kort tid.

Dersom russarane går til angrep, bør Norge og andre vestlege allierte av Ukraina stille opp for det ukrainske folket. Flyktningane må få komme til europeiske land, og den humanitære hjelpa til ukrainarane må vere massiv. Som ei humanitær stormakt kan og bør Norge ta ei viktig leiarrolle.

Krig er forakt for liv

Dessutan vil ein invasjon provosere fram korleis Norge stiller seg militært til Ukraina sitt sjølvstende. Det riktige vil vere å støtte Ukraina militært mot den russiske aggresjonen. Parallelt ville det vore heilt på sin plass at ein eventuell russisk invasjon vil få konsekvensar for det norske Forsvaret. Ei massiv styrking av forsvarsbudsjettet bør vere av dei viktigaste prioriteringane. Situasjonen i Ukraina viser at europeisk tryggleik ikkje åleine kan avhenge av forholdet til NATO. Landa må sjølv ruste opp.

Krig er forakt for liv. Krig er sivile som ligg drepne i samanrasa bygningar. Krig er bombefly og rakettar som legg ein europeisk hovudstad i ruinar. Det er derfor heilt avgjerande at alle forsøk på diplomatiske løysingar vert tynt til siste sekund, så lenge det finst håp og moglegheiter. Det skuldar alle det ukrainske folket.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder