Leder

Russland eig ikkje Ukraina

Russiske leiarar må ikkje tru dei kan skremme Ukraina til noko som helst.

Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innholdet.

Blant dei russiske leiarane i Kreml er tanken på Ukraina som ein sjølvstendig stat framleis vanskeleg å akseptere. Det er djupe historiske grunnar til at russiske leiarar slit med å ta omsyn til nabolandet som eit eige, sjølvstendig land. Den massive russiske styrkeoppbygginga på den russisk-ukrainske grensa er blant dei viktigaste grunnane til at mange igjen no fryktar regulære krigshandlingar på europeisk jord.

Historisk hopehav

Ukraina er sterkt knytt til den russiske nasjonale identiteten. Forløparen til det russiske imperiet, Rus-riket, hadde sitt utspring i Ukraina og Kiev. Den ortodokse kyrkja har historisk knytt dei to landa saman, det same har russisk og ukrainsk språk i sine felles slaviske røter. Den store russisk-talande befolkninga i dei austlege delane av Ukraina er tett knytt til Moskva, og den russiske staten har støtta opprørarane i desse delane av Ukraina i den pågåande borgarkrigen.

Trass i dei sterke banda, er det eit faktum at Ukraina har vore ein sjølvstendig stat sidan sjølvstendet frå Sovjetunionen i 1991. Riktig nok har Ukraina halde fram som medlem av den løyselege alliansen kalla Samveldet av uavhengige statar (SUS), som består av 12 av dei tidlegare 15 sovjetrepublikkane som utgjorde Sovjetunionen.

Ingen – verken Norge, NATO eller EU – bør godta at eit sjølvstendig land i Europa lar seg truge eller presse til å gje slepp på sitt suverene sjølvstende.

—  Vårt Land

Ukraina må forbli sjølvstendig

Likevel er det framleis mange som ikkje ser på Ukraina som ein reelt sett sjølvstendig stat, men som ein slags eigedom til Russland. Det same synet gjeld for Kviterussland. Dei russiske krava til kva relasjon Ukraina skal ha til NATO og EU underbyggjer dette synet. Fleire av dei som har dette synet på den relativt unge ukrainske staten finst ikkje berre i Kreml, men vi ser òg fleire som ytrar denne påstanden i norske avisspalter. Eit eksempel er partiet Raudt si problematisering av Russlands folkerettsstridige okkupasjon og annektering av den ukrainske Krim-halvøya i 2014.

Internasjonal orden og demokratisk utvikling må ha som eit krystallklart premiss at sjølvstendige statar er nettopp det; sjølvstendige. Det må gjelde for Ukraina like mykje som for alle andre land i verda. Derfor bør alle løysingar på den ulmande konflikten mellom Russland og Ukraina leggje Ukrainas sjølvstende til grunn. Ingen – verken Norge, NATO eller EU – bør godta at eit sjølvstendig land i Europa lar seg truge eller presse til å gje slepp på sitt suverene sjølvstende.



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder